Ingrid søker kollega: - Alltid visst at eg ville bli helsesjukepleiar

Ingrid Ådnesen Thorsen stortrivst som helsesjukepleiar i Vindafjord. – Eg føler verkeleg at eg har vald rett, fortel ho. No søker ho ein ny kollega.

Då Ingrid starta som helsesjukepleiar i skulehelsetenesta i Vindafjord kommune i juli 2025, kjende ho det heilt frå første dag: Her vil eg vera.

– Eg blei tatt imot som ein del av gjengen med ein gong. Kollegaene mine er imøtekommande, varme og dyktige. Det gjer at eg kjenner meg trygg, fortel Ingrid, som pendlar frå Tysvær.

Ingrid utanfor rådhuset - Klikk for stort bileteIngrid trivst svært godt som helsesjukepleiar. No søker ho etter ein ny kollega. Kristine Thorsen Eikeland

Ledig stilling som helsesjukepleiar

Ein draum heilt sidan ungdomsskulen

For Ingrid har vegen mot helsesjukepleiaryrket vore klar lenge. 

Faktisk sidan ungdomsskulen.

– Alle rundt meg visste at dette var det eg kom til å bli, ler ho.

Viktig å vera til stades

Sjølv opplevde ho at helsesjukepleiaren var lite synleg då ho sjølv var ung. Det tente ei gnist.

– Eg ville bli ein som var lett å koma til. Ein som var synleg, trygg og tilgjengeleg for barn og unge.

På vegen dit tok ho sjukepleien i Stavanger og jobba målretta for å komma inn på vidareutdanninga.  

– Eg hadde ikkje trudd eg kom inn, men så fekk eg plass på andre opptaket ved OsloMet. Då kjende eg at det måtte vera meininga.

Ingrid framføre ein lilla vegg på helsestasjonen - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Ein kvardag full av liv  

Arbeidsdagen i Vindafjord er variert og full av møte med barn og ungdom i alle slags situasjonar.

– Me får vera med på heile livet deira. Frå plaster og skrubbsår, til viktige samtalar om identitet, vennskap, følelsar og seksualitet. Det er eit stort spenn, og eg elskar akkurat det, seier Ingrid.

At verda er meir digital enn før, merkar ho godt.

– Ungdommane har så mykje tankar om korleis dei ser ut, om mobbing, om alt som skjer på nettet. Det kan vera vanskeleg å snakka om følelsar. Difor er det så utruleg viktig at dei har ein trygg arena der alt er lov å ta opp.

Og humor hjelper alltid:  

– Eg må læra meg mykje slang, seier ho og ler.

Klemmar, teikningar – og “Hei Ingrid!”

Det er dei små augneblikka som gjer jobben stor.

– Eg får teikningar, klemmar, og mange gonger får eg høyra eit “Hei Ingrid!” når eg møter elevar utanfor skulen. Då kjenner eg at jobben min betyr noko.

Ledig stilling som helsesjukepleiar

Trygg leiing og sterk fagleg støtte

Ingrid trekkjer fram arbeidsmiljøet i Vindafjord som noko heilt spesielt.

– Me har ein fantastisk leiar i Hilde. Ho tar oss på alvor og lar oss kjenna oss trygge. Ho støttar oss i vala me tar og skapar eit miljø der me kan utvikla oss.

Ho rosar òg kollegaene sine i Ølen – ein gjeng ho ser ekstra mykje kvar tysdag.

– Det er mykje humor, mykje fag og mykje støtte. Som nyutdanna betyr det alt. Dei set seg inn i sakene mine, kjem med råd og gjer meg trygg på at eg gjer gode faglege val.

– Vindafjord er ein fantastisk arbeidsplass

Ingrid er ikkje i tvil når me spør om ho vil anbefala stillinga vidare.

– Ja! På det sterkaste. Eg trivst så godt. Eg føler verkeleg eg har valgt rett. Arbeidskvardagen er fleksibel, me har eit breitt spekter av oppgåver, og ingen dagar er like. Det er ein jobb som utfordrar, utviklar og gjer ein forskjell.

– Vindafjord kommune er ein fantastisk plass å jobba. Søk, seier Ingrid – og smiler igjen.

Ledig stilling som helsesjukepleiar