Informasjonsmøte om fosterheim

Om lag 30 barn på Haugalandet og i Sunnhordaland treng ein ny, trygg heim. Bli med på digitalt informasjonsmøte tysdag 18. april kl. 20.00, og finn ut kva det vil sei å vera fosterheim.

Bilete av ungdomsgutar - Klikk for stort bilete Bufetat

I Rogaland og Vestland er det over 1000 fosterheimar. Når dei skal fortella om kvifor dei har åpna hjarta og heimen for eit barn svarar mange: «Me ønskar å hjelpa eit barn som treng hjelp». Og dei svarar: «Det gjev oss stor glede å sjå utviklinga barnet får når det får stabil omsorg.» 

Det kjem stadig nye barn til, som treng fosterheim. På Bufetat sitt digitale informasjonsmøte får du veta meir om kven barna er, og kva det vil innebera å vera fosterheim. Møtet varar om lag ein time. Du får anledning til å stilla spørsmål.  

Fosterheimstenesta i Haugesund har digitale møter om lag ein gong i månaden. Fosterheimstenesta er ein del av Barne-, ungdom- og familieetaten (Bufetat).

Nettlenke med meir informasjon og skjema for påmelding