Informasjonsmøte og open kontordag for planendring for Nerheim næringsområde

Ope informasjonsmøte onsdag den 21.01.2026 kl.18.00 på Ølen kulturhus og open kontordag på Vindafjord rådhus onsdag den 28.01.2026  mellom 14.00 og 18.00. 

Formannskapet i Vindafjord kommune har vedtatt å sende planendring for endring av detaljregulering for Nerheim næringsområde på høyring og offentleg ettersyn, med frist for høyringssvar den 06.02.2026. 

I samband med høyringa blir det arrangert ope informasjonsmøte onsdag den 21.01.2026 kl.18.00 på Ølen kulturhus og det vil bli arrangert open kontordag på Vindafjord rådhus onsdag den 28.01.2026  mellom 14.00 og 18.00. 

I informasjonsmøtet kjem tiltakshavar til informere om anlegget og kommunen vil orientere om prosess og saksbehandling. Det vil vere høve til å stille spørsmål.

På open kontordag vil representantar frå både tiltakshavar og kommunen delta

Informasjon om planendringa og høyringa finn de her: 
Ølen, Nerheim næringsområde - Planendring - Offentleg ettersyn - Vindafjord kommune