Informasjonsmøte: Bustad for framtida - meir tid til livet

Vindafjord kommune, Vindafjord Tomteselskap og Pensjonistforbundet Vindafjord inviterer til informasjonsmøte om bustadmoglegheiter i Vindafjord.

Drøymer du om ein lettstelt bustad med mindre vedlikehald, kort veg til butikkar, tenester og sosiale møteplassar?

På møtet får du:

  • Sjå aktuelle bustadprosjekt og høyre om moglegheiter i kommunen.
  • Finne ut kva det kostar å bu i ein ny bustad samanlikna med ein eldre.
  • Få meir informasjon om finansiering, lån og støtteordningar.
  • Møte representantar frå bustadbransjen, eigedomsmeklarar, bankar og Husbanken.

📅 Måndag 7. desember kl. 11.00
📍 Sjøperlo, Ølen

Me byr på kaffi og noko å bite i.

Velkommen til ein inspirerande prat om framtidas bustadmoglegheiter i Vindafjord. 

Plakat - Klikk for stort bilete Vindafjord kommune