Informasjon om kommunale gebyr for vatn og avlaup

Dei første fakturaene for kommunale gebyr for 2023 er no sendt ut.

Alexas_Fotos@Pixabay

Mange vil oppleva at fakturaen er ein god del høgare i 2023 enn i 2022. Dette skuldast i stor grad at gebyra for vatn og avlaup har hatt ein relativt stor auke.

Kommunen har dei siste åra investert mykje innan vatn og avlaup. Målet er å rydda opp i utslepp, redusera lekkasjar og sikra drikkevatnet vårt i kommunen. Desse investeringane har ein betydeleg kostnad som må finansierast gjennom dei kommunale gebyra. Rentenivået har det siste året auka med over 2,5 %, noko som har stor innverknad på gebyrnivået. Samstundes har også driftskostnadane auka på grunn av mykje høgare straumprisar.


Vatn og avlaup leverast til sjølvkost, altså skal gebyra for vatn og avlaup ikkje overstiga kostnaden kommunen har ved å levera tenestane. For 2023 har kommunestyret vedteke 98,5 % sjølvkost.

Nettlenke til gebyrsatsane for 2023