Informasjon om fugleinfluensa

Har du oppdaga daude eller sjuke fuglar og andre dyr, og mistenker fugleinfluensa? Meld frå til Mattilsynet. 

MichaelKoll@Pixabay

Det blir påvist fugleinfluensa hos eit stadig aukande antal ville fuglar i Noreg. Dette omfatter fleire artar, men i år rammar sjukdomen særleg trua artar som krykkje og andre måkeartar. 

Folkehelseinstituttet vurderer risikoen for smitte til menneske som svært låg. Dette gjeld og i område der det er funne mange døde villfuglar og det er påvist fugleinfluensa hos villfugl. 

Mattilsynet ber om meldingar om desse artane:

  • andefuglar (ender, gjess og svaner)
  • havsuler
  • måkefuglar
  • vadarar
  • rovfuglar (spesielt ørn og musvåk)
  • åtseleterar (kråkefuglar)
  • småfugl (kun ved mange døde fuglar på eit lite område)
  • rovdyr 
  • sjøpattedyr

Kontaktinformasjon Mattilsynet

E-post: innmelding.fugleinfluensa@mattilsynet.no 

Telefonnummer: 22 40 00 00

Når du melder inn er det viktig at du kan svara på desse spørsmåla:

  • kommune, postnummer, adresse og helst også kartreferanse (som du kan finna i kartfunksjonen på mobiltelefonen din)
  • kva art det gjeld
  • kor mange fuglar det gjeld


Nettlenke til Mattilsynet sine sider