Smittevernlege Iris D Klage-Håheim
Marianne L Rødde
Vaksineringa blir gjennomført over fem dagar i november. Leveransar frå legemiddelindustrien er noko forseinka i år, men smittevernlege Iris D. Klage-Håheim understrekar at innbyggjarane ikkje treng å uroa seg.
– Det kan tvert imot vere ein fordel at vaksineringa skjer nærare influensasesongen. Influensavaksinen gir vanlegvis best vern dei første tre månadene, og influensaen sirkulerer oftast mest frå desember og utover, seier ho.
-Folkehelseinstituttet tilrår influensavaksine innan byrjinga av desember. Innbyggjarane har derfor god tid til å bestille time og nytte kommunen sitt tilbod på Kulturhuset. Det er ikkje nødvendig å skunde seg til apoteket, der vaksinen kostar meir, seier smittevernlegen.
Bestill time gjennom helseboka
Fluad-vaksinen, som blir nytta til bebuarar på sjukeheim og i omsorgsbustader og personar med omfattande behov for heimetenester, kjem som vanleg i veke 40–41. Denne vaksinen har lengre verknadstid og kan setjast tidlegare.
Les meir om forseinkinga på fhi.no
Eit godt samarbeid
Som tidlegare år blir vaksineringa gjennomført som gruppevaksinering. Ordninga er godt innarbeidd og sørgjer for ei trygg og effektiv vaksinering.

Samtidig er vaksineringa ei viktig årleg beredskapsøving for kommunen. Helsepersonell samarbeider på tvers, øver på arbeidsflyt og får verdifull erfaring med å vaksinere mange på kort tid.
– Det er kjekt å sjå korleis alle dreg lasset i lag. Me er avhengige av godt samarbeid, og dei frivillige er ein svært viktig del av gjennomføringa. Dei bidreg til at folk blir tekne godt imot og at vaksinedagane går smidig, seier smittevernlege Iris D Klage-Håheim.
Vaksinasjonsprogram for vaksne
Influensavaksineringa er ein del av vaksinasjonsprogrammet for vaksne, som blei innført 01.06.2025. I sesongen 2026/2027 omfattar programmet:
- årleg influensavaksine til personar som har fylt eller fyller 65 år i løpet av året, og yngre personar i risikogrupper
- oppfriskingsdose mot korona til personar frå 75 år og barn og vaksne i risikogrupper. Personar mellom 65 og 74 år kan også få vaksinen gjennom programmet dersom dei ønskjer det
- pneumokokkvaksine til personar fødde i 1960 eller seinare, frå og med kalenderåret dei fyller 65 år
Vaksinasjonsdagar
Vaksineringa skjer på Kulturhuset i Ølen kl. 08.00–15.30:
- Måndag 16.11.2026
- Tysdag 17.11.2026
- Fredag 20.11.2026
- Tysdag 24.11.2026
- Torsdag 26.11.2026
Bestill time i Helseboka
Du kan også ta kontakt med vaksinekontoret på vaksinekontor@vindafjord.kommune.no eller telefon 913 03 842 måndag til torsdag kl. 09.00–15.00.
Priser
Influensa: 310 kroner
Korona: 110/85* kroner
Pneumokokk (dersom du er født i 1960) (Prevenar 20-vaksine): 110/85* kroner
* Rabatt, samvaksinasjon:
Vaksine til personer utenfor Pneumokokk-program (alle før og etter 1960):
Prevenar 20: 1000 kroner (treng ikkje påfyll)
Les meir om vaksinasjonsprogrammet for vaksne og FHI sine tilrådingar.
Frå Venstre: Lene Desiree Ulveraker Skartland, Iris D Klage-Håheim og Anne-Beate Økland
Marianne L Rødde
Kommunen skal gjennom vaksinasjonsprogrammet tilby følgjande vaksiner:
Vaksinedagar:
16., 17., 20., 24. og 26. november kl. 08.00–15.30
Stad: Kulturhuset i Ølen, Dreganesvegen 40
Priser
Influensa: 310 kroner
Korona: 110/85* kroner
Pneumokokk (dersom du er født i 1960) (Prevenar 20-vaksine): 110/85* kroner
* Rabatt, samvaksinasjon:
Vaksine til personer utenfor Pneumokokk-program (alle før og etter 1960):
Prevenar 20: 1000 kroner (treng ikkje påfyll)
Ein kan få alle tre vaksinene samtidig. Det er ikkje rapportert fleire bivirkningar.
Ja. Henvend deg til vaksinekontoret.
For henvendingar:
Mobil: 913 03 842
E-post: vaksinekontor@vindafjord.kommune.no
Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår at influensavaksinering skjer i november/desember, då vaksinen har best effekt dei tre første månadane. Dei siste åra har influensaen kome etter jul og seinvinter.
Målet er at flest mogleg skal kjenna til tilbodet om vaksinar i vaksinasjonsprogrammet for vaksne.
Difor er det oppretta ei ordning med påminningar for å varsla dei som ikkje er vaksinerte.
Påminningar i form av varsel blir sende ut frå Helsenorge i midten av november. Varsel blir berre sende til uvaksinerte som har aldersindikasjon for vaksine.
Hausten 2026 gjeld dette uvaksinerte i desse tre gruppene:
- Koronavaksine: 75 år og eldre (påminninga blir ikkje sendt til alle over 65 år, fordi anbefalinga frå Folkehelseinstituttet gjeld frå og med 75 år)
- Influensavaksine: 65 år og eldre
- Pneumokokkvaksine: fødde i 1960
Du må logga deg inn på Helsenorge for å sjå innhaldet i varselet.
Påminninga er automatisk laga og basert på opplysningar om manglande vaksinasjonar i det nasjonale vaksinasjonsregisteret SYSVAK. Det er ingen personar som ser opplysningar om deg.
Hvis du ikkje ønskjer å få påminning om manglande vaksiner, kan du endra dette under Innstillinger for vaksinevarsler - Helsenorge.