Imsland bygdebok er klar for lansering

Me gleder oss over at imslandsoga nå er klar for lansering. Imsland bygdebok er ei busetnadssoge og handlar om folket som har budd i Imsland, heilt frå gamal tid og fram til notida. 

Boka er laga på oppdrag frå  Vindafjord kommune. 

Boklansering:  Onsdag  20. mai kl. 18.00 på Imsland bygdahus.  Velkomen!

Boka kostar 750 kroner ved førehandstinging, og boka blir levert ut på lanseringsdagen.  

Dersom du ikkje kan vera med på lanseringsdagen, kan  du også henta boka på bygdahuset under Ølmedal Rundt-løpet,  eller få andre til å henta ho for deg. 

Boka kan også sendast i posten og då betaler du 150 kroner i tillegg for frakt.  

VIKTIG! Når du kjøper bygdeboka på denne måten, støttar du samstundes Imsland bygdekvinnelag, Imsland bygdehus og Imsland grendautval med til saman 150 kroner per bok.  

Utan førehandstinging kostar boka kr. 900,- og kan også kjøpast lanseringsdagen og under Ølmedal rundt. 

Seinare kan ein kjøpa boka på Servictorget i kommunen og hos lokale bokhandlar.  

Førehandstinging slik:  

E-postadresse til: bygdebok@imsland.info  

E-posten skal innehalda: Namn, adresse, telefon og tal på kor mange bygdebøker du/ de kjøper. Hugs adresse og telefon dersom boka skal sendast.  

Bankkonto: 3240 19 26118 (Imsland bygdekvinnelag), merk: Bygdebok, tal, namn.  

Vipps til: 505980, merk: Bygdebok, tal, namn.