Ashraf: – Eg gler meg til å bruka stemma mi for aller første gong
Ashraf Fawaz Sabbagh bur i Etne og jobbar i integreringstenesta i Vindafjord og Etne.
Han kom til Noreg frå Syria i 2016, og har sidan brukt åra på å læra språk, ta utdanning – og hjelpa andre i same situasjon.
– Eg har sjølv gått gjennom introduksjonsprogrammet, og veit korleis det er å gå gjennom den prosessen. Difor er det ekstra fint å kunna hjelpa andre som kjem hit, seier han.
I dag jobbar Ashraf som programrådgjevar. Han hjelper flyktningar med å finna vegen vidare – til utdanning, språk, praksis og jobb.
– Det er ein veldig kjekk jobb. Eg møter mange menneske, og får vera med på reisa deira. Når nokon består norskprøven, får fagbrev eller kjem seg ut i jobb – då kjenner eg ekte glede. Det er så meiningsfullt.
EI NY STEMME: Ashraf Fawaz Sabbagh gler seg til å bruka stemma si ved stortings- og sametingsvalet for første gong.
Kristine Thorsen Eikeland
– I Syria var valet berre eit spel
Denne hausten skal Ashraf bruka stemma si ved stortingsvalet for aller første gong. Det ser han fram til med både spenning og høgtid.
– Eg vil ikkje førehandsstemma. Eg vil oppleva sjølve valdagen. Det er stort for meg, seier han.
I heimlandet Syria fekk han aldri oppleva eit reelt val.
– Der var alt bestemt på førehand. Det var ikkje demokrati. Her i Noreg kan eg faktisk vera med og påverka. Eg kan bruka stemma mi på det partiet eg er mest einig med – og det betyr noko. Det set eg stor pris på.
Oppteken av integrering, skatt og skule
Ashraf er spesielt oppteken av saker som gjeld einslege, integrering, skatt, skule og helse. Han meiner det er viktig at fleire med innvandrarbakgrunn engasjerer seg i samfunnet – og brukar stemmeretten.
– Eg trur mange ikkje brukar stemma si fordi dei kjem frå land der det ikkje er vanleg å ha tillit til styresmaktene. Nokre veit kanskje ikkje at det finst fleire parti å velja mellom. Andre synest det er vanskeleg å forstå kva partia står for.
Han meiner det trengst meir informasjon – på fleire språk – og fleire møteplassar der folk kan stilla spørsmål og diskutera.
– Kafétreff, kurs og samtalar kan hjelpa. Det handlar om å bli trygg på at stemma di faktisk tel.
Kristine Thorsen Eikeland
Bruk stemma di – det er di framtid det handlar om
Ashraf håpar fleire med innvandrarbakgrunn vil bruka stemmeretten sin i år.
– Det er lett å tenkja at «mi stemme betyr ikkje noko». Men det gjer ho. Kvar einaste stemme tel. Og det er framtida vår det handlar om.
– Eg gler meg til å bruka stemma mi. Det er ein rett – og eit ansvar.
Gregor: – Saman kan me endra masse
Grzegorz Gorczynski, eller Lego-Gregor som mange kjenner han som, kom frå Polen til Noreg i 2008. I dag bur han i Etne med familien – og har gjort lidenskapen sin til både jobb og livsprosjekt.
– Det viktigaste for meg er å ha tid til familien, gå tur – og byggja med Lego, seier han med eit smil.
Gregor jobbar som teknikar ved Spira utvikling, og er Noregs aller første legolærar ved kulturskulen.
I tillegg har han starta si eiga bedrift, ein draum han har hatt lenge – og har ei av dei største legosamlingane i Skandinavia.
Kjellaren er full av klossar og magiske byggverk, og tilhengaren utanfor vitnar om ei lidenskap som har fått plass.
– Favorittbyggverket mitt er kanskje ikkje det mest tekniske, men det representerer eit nydeleg augeblink mellom ein far og ei dotter som bygde det saman.
INKLUDERING: Grzegorz “Gregor” Gorczynski brenn for opne, inkluderande fritidstilbod – spesielt for dei som fell utanfor.
Kristine Thorsen Eikeland
– Lego handlar om meir enn klossar
Gregor har halde legoworkshops over heile landet – frå Kristiansand til Narvik. Han har faste tilbod på biblioteket i Vindafjord og i legoklubben i Etne, og har til og med fått invitasjonar til fengsel.
– Første gong var eg skeptisk. Eg såg for meg tøffe folk med hardt ytre. Men det kom fem–seks unge gutar – og dei var fantastiske. Eg har fått vener for livet.
Han meiner Lego er eit verktøy som samlar folk – uansett alder, bakgrunn eller utfordringar.
– Forsking viser at det å byggja med Lego er bra for både psyken og det kognitive. Lego gir glede, meistring og fellesskap. Det passar for folk med ADHD så vel som for personar med demens. Og viss det blir for vanskeleg – då tek eg med Duplo. Det er like gøy. Eg drøymer om å halda workshop på sjukeheim.
Alle fortener ein stad å høyra til.
Grzegorz “Gregor” Gorczynski
– Verda består ikkje berre av idrettskids
Gregor brenn for opne, inkluderande fritidstilbod – spesielt for dei som fell utanfor.
– Verda består ikkje berre av idrettskids. Me må satsa på dei med andre interesser òg. Alle fortener ein stad å høyra til.
Han er oppteken av rettferd, og følgjer nøye med på kva partia står for. Han har blitt spurt om å engasjera seg i lokalpolitikken, men har ikkje sagt ja – enno.
– Eg er litt einig med fleire parti, men det er dei som bryr seg om dei minste og dei eldste eg har mest sans for. Og dei som held det dei lovar.
– Politikken må nå ut til vanlege folk
Gregor trur mange med innvandrarbakgrunn let vera å bruka stemma si fordi det er vanskeleg å forstå kva partia står for.
– Dei kan godt bli meir synlege og forklara det enkelt. Nå ut med saker som angår folk.
Han meiner det trengst enkle, tydelege program som treff breitt – og at det må bli lettare å engasjera seg.
– Eg brenn for tilrettelegging, å få fleire i jobb og for gode helsetenester. Skatt og høge prisar er òg noko som opptar meg. Og lågterskel fritidstilbod for barn og unge.
Kristine Thorsen Eikeland
FOTO: Kristine Thorsen Eikeland
Bruk stemma di – saman kan me endra masse
Gregor meiner det er viktig å bruka stemmeretten – og oppmodar andre til å gjera det same.
– Når me engasjerer oss saman, kan me få til endring. Du treng ikkje vera ekspert – berre set deg litt inn i kva partia står for, og bruk stemma di på det du trur mest på. Det viktigaste er å delta!
Visste du at …
- Du treng ikkje venta til 8. september for å bruka stemma di.
- Du kan, i perioden frå 11. august til 5. september, førehandsstemma i kva som helst kommune i Noreg.
- Stemma di blir sendt til heimkommunen din og tel på lik linje som om du stemmer på sjølve valdagen.
Mitt fargerike nabolag: – Me er som ein familie
Det er ein solfylt ettermiddag i Ølen. Lukta av heimelaga mat frå andre verdsdelar fyller lufta, og glade barn spring rundt i hagen.
I hagestova til Catherine Chimba er bordet dekka, og praten går lett mellom Elissett, Sara, Valia, Signe Britt – og vertinna sjølv.
Dette er «Mitt fargerike nabolag» – eit fellesskap som har vore ein viktig møteplass i mange år.
Her møtest folk frå ulike land og kulturar, og skapar noko nytt saman. Barna kallar dei andre mødrene for «tante» – ikkje fordi dei er i slekt, men fordi dei har blitt ein slags familie.
FAMILIE: (f.v.) Elisette Dominguez, Signe Britt Vik, Catherine Chimba og Valia Mamoo er ein del av «Mitt fargerike nabolag».
Kristine Thorsen Eikeland
– Det kan vera vanskeleg å koma innpå nordmenn. Mange kjenner på utanforskap, seier Elissette, som kjem frå Den dominikanske republikken.
Ho har budd i Noreg i mange år, og har kjempa hardt for å få utdanning og jobb.
– Eg har verkeleg kjempa. Det var mange hinder – språkkrav, godkjenning av kompetanse, og fordommar. Men eg gav ikkje opp. Til slutt fekk eg ta utdanning her.
– Mange trur me ikkje er interesserte i å bidra. Men dei fleste av oss jobbar hardt for å læra språket, få førarkort, utdanning og jobb. Det er ikkje lett. Me har mykje kompetanse frå heimlanda våre, men det er vanskeleg å få det godkjent. Me treng fleire vegar inn – og me treng alle.
Møteplass og forståing
Catherine Chimba har budd i Noreg i mange år, og er godt etablert i Ølen. Ho jobbar i heimesjukepleien, og har både barn og barnebarn.
Men ho såg at mange rundt seg følte seg einsame – og bestemte seg for å gjera noko.
– Eg ville skapa ein møteplass. Det blei eit fargerikt fellesskap, seier ho med eit smil.
Catherine brenn for betre forståing mellom kulturar – og for at barnevernet skal få betre kapasitet og kulturkompetanse.
– Eg blir aldri heilt norsk. Eg vil alltid ha med meg bakgrunnen min frå Zambia. Det handlar ikkje om å bli lik – men om å forstå kvarandre. Det hjelper enormt.
Når du brukar stemma di, seier du: Eg høyrer til her. Eg bryr meg. Eg vil vera med og forma framtida.
Catherine Chimba
Ein veg inn i samfunnet
Valia frå Syria har budd i Noreg i åtte år. Ho har mann og barn, og stortrivst i Mitt fargerike nabolag. Men ho kjenner òg på kor vanskeleg det kan vera å finna norske vener på sin eigen alder.
– Mange unge kjenner kvarandre frå før. Det er ikkje lett å koma innpå folk. Me treng fleire møteplassar – og fleire nordmenn som vil vera med.
Sara frå Tanzania nikkar.
– Dei fleste av oss ønskjer å bidra, utvikla oss og klara oss sjølv. Me har mykje erfaring og kompetanse – men me treng ein sjanse til å visa det, påpeikar ho.
Alle rundt bordet er einige: Stemmeretten er viktig. Nokre har brukt stemma si før, andre skal bruka ho for første gong i år.
– Det er viktig at folk med innvandrarbakgrunn er representerte i politikken. Me har erfaringar og perspektiv som trengst, seier Catherine.
– Stemmeretten er ein veg inn i samfunnet. Når du brukar stemma di, seier du: Eg høyrer til her. Eg bryr meg. Eg vil vera med og forma framtida.
Valtips
Ta eit informert val! Her er nokre gode råd før du brukar stemma di:
Bruk valgomatane:
Få hjelp til å finna partiet som passar best med meiningane dine.
Les gjennom partiprogramma:
Sjå kva partia vil gjera dei neste fire åra.
Sjekk kva partia meiner om saker som er viktige for deg:
Finn ut kvar dei står i spørsmål som betyr mest for deg.
Snakk med familie og vener:
Del tankar og få nye perspektiv før du bestemmer deg.