Hugs bålforbodet frå 15. april

15. april startar perioden med bålforbud. Det betyr at det er forbode å tenne opp bål og grill i eller i nærleiken av skog og anna utmark.

Dette gjeld fram til 15. september.

I periodar med tørt vêr kan sjølv små eldar utvikle seg raskt og føre til store skadar. 

Uforsiktig bruk av open eld er ei av dei vanlegaste årsakene til brann i skog og utmark.

Les meir her

Bål - Klikk for stort bilete Pexels