Høyring lokale forskrifter skulereglar med skuledemokrati og SFO

Vindafjord kommune har i KS 038/24 vedtatt lokale forskrifter etter krav i ny opplæringslov. Kommunestyret kom i det møtet med tilleggsbestilling på skuledemokrati som no skal ut på høyring. I tillegg kjem ei justering på SFO forskriftene om gratis kjernetid. 

Copilot KI

Høyring skulereglar med skuledemokrati

I vedtaket frå KS 038/24 står det:  

Kommunestyret ber kommunedirektøren utarbeida framlegg til «Forskrift om organisering av skuledemokratiet», slik dette er omtalt i saka. Forskrifta  skal kunna vera gjeldande frå 01.01.25.

I forslag til ny forskrift om skulereglar er det lagt inn ein ny paragraf (§3) som omtalar korleis ein skal organisera skuledemokratiet. Saka skal opp til endeleg behandling i kommunestyret 11. februar, forskrifta vert då gjeldande frå 01.03.24 dersom den blir vedtatt. 

Forslag: Forskrift om skulereglar m/skuledemokrati (PDF, 207 kB)

Høyring SFO - gratis kjernetid

I eit skriv frå Statsforvaltaren datert 08.10.24 påpeikar dei at Vindafjord kommune si praksis med gratis SFO ikkje er i tråd med formålet med lova. 

Les skrivet frå Statsforvaltaren her (PDF, 82 kB)

Vindafjord kommune har justert forskriftene som blei vedtatt i KS 038/24 og sender med dette ut justerte forskrifter som imøtekjem Statsforvaltaren sine innspel. Det ligg ved ei forklaring på endringar i eige skriv. Saka skal opp til endeleg behandling i kommunestyret 11. februar, forskrifta vert då gjeldande frå 01.03.24 dersom den blir vedtatt. 

Forslag: justert forskrift SFO  (PDF, 240 kB)

Forklaring: justert forskrift SFO (PDF, 241 kB)

Forslag til forskrifter ligg seks veker ute på høyring, periode 09.12.24 til 20.01.25. Svar på høyring sendast til postmottak@vindafjord.kommune.no  merka Høyring-Lokale forskrifter etter ny opplæringslov  i emnefeltet. 

Frist for å svara på høyringa er 20. januar 2025.