Høge smell på grunn av strekking av kraftledning
Det blir ein støyfull siste innspurt i Blåfalli-Gismarvik prosjektet for kommunane Vindafjord og Etne i år. Statnett skal i tida frå ca midten av oktober til midten av desember, skjøyta saman ledningar på kraftledningen Blåfalli-Gismarvik. Aktiviteten vil foregå etappevis i områda mellom Håland og Nerheim i Etne og Vindafjord.
Anne Mette Klungland
I den samanhengvil det kunna høyrast kraftige smell i området mellom Skånevik og Ølensvåg. Arbeidet med skøyting ved bruk av sprengskøyter starta 15.10.2026 og vil gå føre seg fram til 15.12.2026. Arbeidstida er måndag til laurdag klokka 07.00 til 18.00. Arbeidet er væravhengig og blir utført av ledningsentreprenør Dalekovod.
Det er Statnett som informerer om dette på si nettside.
Få varsel på SMS
SMS-varsling er tilgjengelig for alle som ønsker å bli varslet i forkant.
Dersom du ønsker å bli varsla før kvar sprengning, kan du sende SMS til 40623179. Skriv "varsel" og telefonnummeret du ønsker varsel til. Eksempel: Varsel 12341234.
Planen er å senda SMS-varsel ca 30 - 60 minutter i forkant av sprengning. Arbeidet blir og varsa med sirene.
Publisert 30.10.2026 16:27
Sist endra 30.10.2026 16:34