Heimeverntrening i ei veke

Ekstra pengar frå regjeringa gjer at det likevel blir heimevernøvingar i haust. 16.-23. september pågår det områdetrening i sju HV-område med totalt 700 soldatar.

Karen Gjetrang

Følgande kommunar blir eller kan bli berørt: Vindafjord, Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær, Hjelmeland, Evje og Hornes, Iveland, Vennesla, Bykle, Valle, Bygland, Flekkefjord, Hægebostad, Kvinesdal og Sirdal.

Det må påreknast militær trafikk, støy, skyting og synleg væpna soldatar i perioden. HV-08 ber alle om å visa aktsemd og ta omsyn.

– Det er gledeleg at Heimevernet har fått 300 millioner kroner ekstra å trena for. Dei 12 områda me trenar nå i haust hadde me i utgangspunkt ikkje økonomi til å trena. Nå kan me gi soldatane det tal treningsdagar Stortinget har bestemt, seier major Hans Borgfjord, som er sjef operasjonar i Agder og Rogaland heimevernsdistrikt 08.