Har du kjøpt din første bustad i Vindafjord? Då kan du få tilskot til eigedomsskatten

Unge som kjøpar sin første bustad i Vindafjord kan få tilskot til å dekke eigedomsskatten. Målet er å gjere det lettare å etablere seg.

Unge førstegongsetablerarar i Vindafjord kan søka om tilskot til eigedomsskatt. Ordninga skal bidra til at fleire unge vel å slå seg ned i kommunen.

– Me ønskjer å gjere det meir attraktivt for unge å busetja seg her. Dette tilskotet kan vere det som gjer at fleire vel å kjøpe sin første bustad i Vindafjord, seier rådgjevar ved Areal og forvaltning, Marianne Stople Rørtveit.

– Me ønskjer å gjere det meir attraktivt for unge å busetje seg her, seier ingeniør Marianne Stople Rørtveit. Ho håpar tilskotsordninga vil bidra til at fleire vel å kjøpe sin første bustad i Vindafjord. Kristine Thorsen Eikeland

Gjev støtte i inntil fem år

Tilskotet blir gitt til dei under 35 år som har kjøpt sin første bustad i Vindafjord etter 1. januar 2025.

Ordninga gjeld berre ved kjøp av eksisterande bustad, ikkje nybygg, då desse allereie har fritak frå eigedomsskatt etter eigedomsskattelova.

– Det er kjekt at me som kommune kan bidra litt i starten, seier Rørtveit.

Tilskotet blir gitt i inntil fem år, så lenge eigaren bur i bustaden. Søknader blir behandla fortløpande så lenge det er midlar igjen.

Allereie fleire søknader

Kommunen har allereie fått søknadar.

– Me har fått gode tilbakemeldingar, og håpar endå fleire vil nytte seg av ordninga, seier Rørtveit.

Ho minnar om at det berre er nødvendig å søke éin gong, og at søknaden må innehalde dokumentasjon på at ein oppfyller vilkåra.

Søk her

Les meir her 

Fakta om tilskotsordninga

  • Vedteken av kommunestyret og har vore gjeldande frå 01.01.2025.
  • Kven kan søke? Førstegongsetablerarar under 35 år som har kjøpt sin første bustad etter 1. januar 2025.
  • Kva får du? Tilskot tilsvarande eigedomsskatten du må betale.
  • Kor lenge? I inntil 5 år, så lenge du bur i bustaden.
  • Gjeld for? Eksisterande bustadar (ikkje nybygg).
  • Korleis søker du? Send søknad med dokumentasjon til: eigedomsskatt@vindafjord.kommune.no
  • Budsjett for 2025: Kr 250 000. Søknader blir behandla fortløpande.
  • Merk: Tilskot blir gitt så lenge det er ledige midlar. Ved avslag på grunn av budsjett, blir søknaden overført til neste år.