Har du ei favorittstrand?

Vakre Vindafjord er verkeleg vakker desse fine sommardagane! Mange drar til strendene, og me er på jakt etter bilete frå di favorittstrand.

Gardavikjo med naust. - Klikk for stort bileteGardavikjo ein varm junikveld. Anne Sofie Sandvik

Bileta vil me bruka til å visa fram dei mange fine strendene me har i kommunen – både kjende og ukjende perler – på nettsida Vakre Vindafjord som er under arbeid.

Når du sender «Mi favorittstrand» på e-post til servicetorget@vindafjord.kommune.no, gjev du samstundes godkjenning til at me brukar biletet.

Skriv gjerne litt om kvar stranda di er, og kvifor den er di favorittstrand. Me krediterer sjølvsagt fotografen på bileta som blir bruk.

Fortsatt god sommar!