Når ein går inn dørene på Vindafjordtunet avdeling nord, Soltun, er sjansen stor for at ein møter Hanne Kathrine Sørhus – i full fart, med eit smil og tid til både pasientar, pårørande og kollegaer.
Ho bur i Blikrabygda i Vats, men kjem frå Larvik.
I 2011 flytta ho til Vindafjord etter å ha funne kjærleiken – ein kar frå Vats – og no bur dei i bygda saman med dei fire barna sine på 3, 6, 8 og 1 år.
Skulle bli politi
– Det var eigentleg ikkje planen å bli sjukepleiar. Eg skulle bli politi, seier ho og ler.
Men då ho byrja å jobba som assistent på sjukeheim som 18‑åring, kjende ho fort at noko skjedde. Ho likte å gi omsorg. Det kjendes trygt. Ho kunne gjera ein skilnad for andre.
– Det gjorde noko med meg, fortel Hanne Kathrine.
Hanne Kathrine Sørhus stortrivst som sjukepleiar på Vindafjordtunet.
Kristine Thorsen Eikeland
– Eg likar å knekka kodar
I dag jobbar Hanne Kathrine som sjukepleiar på ei forsterka avdeling og har primæransvar for fleire av pasientane. Ho følgjer opp heilskapen, koordinerer, har møte med pårørande og jobbar tett saman med resten av teamet.
– Det er veldig interessant. Eg likar utfordringar og å knekka kodar. Når me løyser noko, eller ser at tiltaka verkar, gir det veldig mykje.
Mange gode ting
For Hanne Kathrine er ein god dag på jobben ikkje éin ting – men mange.
Gode kollegaer. Felles forståing. Løysingar som blir til i lag.
– Me er ein veldig fin gjeng. Eg har alltid trivst her. Folk lyttar, samarbeider og tek vare på kvarandre.
Og det sosiale fellesskapet er viktig. Ho trekkjer spesielt fram sommarfesten heile huset skal ha i mai, der alle blir kjende på tvers av avdelingar.
Pårørande – ei hjartesak
For Hanne Kathrine er kontakten med pårørande noko av det viktigaste i jobben.
– Det er veldig viktig. Det er ei hjartesak. Eg brenn ekstra mykje for dei pårørande.
– Demens er noko av det vanskelegaste… Ein mistar nokon gradvis. Det er ei sorg. Då betyr det mykje å kunna ta vare på dei som står rundt.
For henne handlar det om å inkludera, lytte og vera eit medmenneske.
– Å få ein god relasjon, ta dei med i alt, vere open – det gjer ein stor forskjell.
Ho får ofte fine tilbakemeldingar frå både pårørande og kollegaer. Det betyr mykje.
Kristine Thorsen Eikeland
Ser personen bak sjukdommen
Arbeidskvardagen handlar om å sjå heilskapen. Om å prøve nye tiltak, evaluere dei og sjå kva som verkar.
Hanne Kathrine understrekar kor viktig det er å sjå mennesket bak diagnosen.
– Me har fokus på heile biletet og det å behandla årsakar. Det er utruleg mykje ein kan gjera med miljøterapi.
Sjukepleiar, lastebilsjåfør og politikar
Når ho ikkje er på jobb eller saman med barna, er ho også… lastebilsjåfør.
– Mannen min spurte ein gong om eg ikkje skulle ta lastebilsertifikat og kjøra for firmaet han driv, og eg sa: «Nei, gløym det!»
Ho ler igjen.
Hanne Kathrine blei likevel overtalt – og likar det overraskande godt.
Kollegaene synest artig med kombinasjonen sjukepleiar og lastebilsjåfør.
–Sjølv om eg har lastebillappen, så trivst eg best på omsorgssenteret, då eg er veldig sosial og likar å vera blant folk, framhevar ho.
Ein skulle kanskje ikkje tru at det var tid til meir for firebarnsmora, men Hanne Kathrine er òg engasjert i lokalpolitikken, sit i kommunestyret – og er i tillegg veldig glad i å symja.
–Eg likar at det skjer noko, smiler ho.
Kristine Thorsen Eikeland
– Kan verkeleg anbefala å jobba her
Å hamna på Vestlandet var aldri planen, men i dag kunne ho ikkje tenkt seg noko anna – sjølv om ho av og til saknar litt meir stabilt ver.
Ho har vidareutdanna seg innan demens- og alderspsykiatri, og brenn for å utvikla faget vidare saman med kollegaene.
– Eg utruleg godt trivst i teamet. Eg kan verkeleg anbefala å jobba her.
Bli ein del av laget! Ta kontakt med Annelin Bauge:
E-post: annelin.bauge@vindafjord.kommune.no
Tlf. 97 65 77 78