Handlebussen gjentek suksessen i 2023

Handlebussen starta opp den 8. februar 2019. Frå mai same år gjekk det to handlebussar, ein til Joker Vikebygd og ein til Matkroken i Imsland.

Handlebussen i Vikebygd Gunn Vikingstad

Handlebussprosjektet starta opp som ein del av prosjektet Vakre Vindafjord etter ein idé frå Gunn Vikingstad, butikksjef Joker Vikebygd. Bussen blei dei første to åra finansiert av prosjektet, men frå mai 2022 fekk Handlebussen midlar frå Rogland fylkeskommune og Kolumbus tok over drifta.

Samstundes med dette blei det også opna opp ein ny Handlebuss til Joker på Knapphus.

Kommunen har no tre Handlebussar som kvar veke køyrer heim og hentar kunden heime hos seg sjølv og køyrer vidare til butikken. Der blir det ei god handleøkt først, så kosar dei seg med kaffe og ein god drøs før dei får hjelp med varene og blir køyrd heim til døra.

Dette er eit tilbod til dei som ikkje kjem seg til butikken ved eiga hjelp, men som med dette tilbodet både kan meistre eige liv og få eit viktig sosialt møtepunkt i løpet av veka. Å handle sjølv gir langt betre matlyst og Handlebussen er eit svært godt og førebyggande helse- og omsorgstiltak. I tillegg gir det omsetning på lokalbutikken.

Kolumbus har registrering av alle passasjerar, frå mai til desember var det omlag 500 som handla ved hjelp av Handlebussen. For eit heilt år ville det blitt 750 personar. Bussane har aldri vore tomme og det er mange faste kundar. Me er likevel heilt sikker på at dette tilbodet hadde passa svært godt for fleire. Det viser seg at det tar litt tid før man våger seg med, men har du først vore med ein gong blir du med igjen.

Rogaland fylkeskommune har fullfinansiert alle dei tre bussane i heile 2023 og truleg vert dette eit fast tilbod framover.

Kvar butikk har påmelding dagen før og då får bussjåføren vite kva adresser han skal plukke opp kundane på.

Slit du med å komme deg til butikken, meld deg på til aktuell butikk førstkommande torsdag, sjå filene under for meir informasjon.

Info om Handlebussen i Vikebygd (PDF, 404 kB), Imsland (PDF, 326 kB) og Vats (PDF, 395 kB)

Me ønskjer ny kunder hjarteleg velkommen!