For det er nettopp der Halfdan byrjar.
Skal ein få ein kommune til å fungera godt, meiner han, må dei tilsette oppleva meistring, sjå resultat av arbeidet sitt og ha det bra på jobb.
Då blir det òg lettare å levera det viktigaste av alt: gode tenester til innbyggjarane.
– Det er eit ekstremt viktig samfunnsoppdrag å jobba i kommunen. Eg er stolt av dei over 900 kollegaene mine og av å få vera leiaren deira, seier han.
Halfdan Krohn-Brekke byrja i jobben som kommunedirektør 3. mars i år.
Kristine Thorsen Eikeland
Ikkje overraska
Før Halfdan tok over som kommunedirektør, arbeidde han i to og eit halvt år som kommunalsjef for samfunnsutvikling i Vindafjord.
Det gav han eit godt innblikk i kommunen, i organisasjonen og i dei mange kreftene som verkar saman i lokalsamfunnet.
Gjennom den rolla møtte han både tilsette, frivillige, næringsliv, eksterne brukargrupper og politikarar. Det var summen av desse møta som gjorde at han søkte toppjobben.
Familien vart heller ikkje overraska då han søkte stillinga som kommunedirektør.
I to og eit halvt år hadde dei høyrt han snakka varmt om Vindafjord rundt middagsbordet og elles i kvardagen.
– Det må vera noko i vatnet i Vindafjord
For Halfdan var det summen av møta med folk, engasjementet i lokalsamfunnet og opplevinga av ein kommune med vilje til å få ting til, som fekk han til å ta steget vidare.
– Det må vera noko i vatnet i Vindafjord, seier han, med eit smil.
Bak smilet ligg det alvor. Halfdan har festa seg ved noko heilt særmerkt i Vindafjord: viljen til å få ting til.
Den viljen syner igjen i frivilligheita, næringslivet, administrasjonen, organisasjonane, samarbeidspartnarane og i møte med politikarane.
I små og store delar av kommunen ser han det same mønsteret: folk som bryr seg, folk som engasjerer seg og folk som ønskjer å bidra.
Ingen dagar har vore kjedelege
Dei første månadene i den nye jobben har vore både kjekke og lærerike, fortel han. Så langt har han ikkje angra eit sekund på at han søkte.
– Eg har ikkje hatt ein einaste dag i Vindafjord kommune som ikkje har vore kjekk, seier han.
For Halfdan handlar leiing om tillit, ansvar og tryggleik. Ein må gjera det ein seier ein skal gjera.
Samtidig legg han stor vekt på å lytta. Tilsette, politikarar og innbyggjarar må få kome til orde, særleg når sakene er vanskelege.
– Eg er glad i folk og oppteken av å lytta, seier han.
Det er ei formulering som seier mykje om korleis han vil leia.
Ein handlekraftig kommune
Når Halfdan skal skildra kva han ønskjer at Vindafjord kommune skal vera, kjem han raskt inn på eitt ord: handling.
– Vindafjord kommune skal vera ein handlekraftig kommune. Me må gjera det me seier me skal gjera, seier han.
For Halfdan handlar det om å setja retning og skapa resultat, men utan å mista folk av syne.
Tilsette må kjenna at arbeidet deira betyr noko. Innbyggjarane må merka at kommunen leverer. Og leiinga må våga å ta ansvar når retninga skal peikast ut.
Her trekkjer han òg fram det gode samspelet med politikarane. Han rosar samarbeidet og understrekar at politikarane har ei avgjerande rolle fordi dei representerer innbyggjarane.
Administrasjonen si oppgåve er å leggja fram gode faglege råd. Politikken si oppgåve er å ta vala.
Det samspelet meiner han er heilt avgjerande om kommunen skal lukkast.
Kommuneleiargruppa i Vindafjord kommune. Frå venstre: Kommunalsjef for helse; Sigurd Gjerdevik, kommunalsjef for organisasjon; Ingebjørg Rullestad Gjerde, kommunedirektør Halfdan Krohn-Brekke, kommunalsjef for oppvekst; Nils Erik Eide og kommunalsjef for økonomi; Vegard Bang. I august overtar Arvid Eikeskog rolla som kommunalsjef for samfunnsutvikling etter Krohn-Brekke.
Kristine Thorsen Eikeland
Må planleggja i forkant
Sjølv om Halfdan snakkar varmt om kommunen, er han òg tydeleg på at Vindafjord står framfor krevjande år.
Som andre kommunar må òg Vindafjord handtera demografiutvikling, større press på tenestene og strammare økonomi.
Difor meiner han det hastar å planleggje medan vi framleis har eit godt handlingsrom.
– Me må ta grep no når me har høve til det. Reagerer me først i etterkant, blir det mykje vanskelegare. Når me planlegg i forkant, får me eit betre grunnlag for å ta gode val, seier han.
Bodskapen er klar: Kommunen må ikkje venta til utfordringane er akutte. Han må byggja seg rusta medan tida enno er på lag.
Samtidig er ikkje løysinga berre å sjå innover i kommuneorganisasjonen. Halfdan peikar òg på samarbeidet med frivilligheita, med dei eldre sjølve og med næringslivet. Skal kommunen lukkast i åra som kjem, må fleire dra i same retning.
Viktig å lytta til kvarandre og ha respekt for ulike meiningar
I ein kommune er ikkje alle saker enkle. Nokre spørsmål skapar sterkt engasjement og djupe motsetnader. Halfdan nemner både biogassanlegg og vindkraft som døme på saker som kan bli krevjande for alle partar.
Administrasjonen skal byggja faktagrunnlag. Politikarane skal ta stilling. Folk blir direkte råka. Då kan temperaturen fort bli høg.
Nettopp i slike saker meiner han det er ekstra viktig å halda fast ved noko grunnleggjande: fakta, ro og respekt.
Han snakkar om å møta krevjande spørsmål med klårt hovud og varme hjarte.
Om å leggja til grunn at folk vil samfunnet vel, òg når dei meiner heilt ulike ting.
Og om å lytta til andre sine synspunkt utan å gjera motparten til fiende.
Eit samfunnsoppdrag som følgjer folk heile livet
For Halfdan er det ikkje tilfeldig at han trivst i kommunen. Han snakkar om det å jobba i kommunen som noko av det mest meiningsfulle ein kan halda på med.
Kommunen er der når folk er små, og når dei blir gamle. Kommunen møter innbyggjarane gjennom heile livet — i barnehage og skule, i helse og omsorg, i planlegging, byggjesaker, kultur, tekniske tenester og beredskap.
– Det er kanskje det viktigaste samfunnsoppdraget me har, seier han.
Det er òg dette som gjer arbeidet meiningsfullt for han. Avgjerdene som blir tekne i kommunen, får direkte betydning for kvardagen til folk.
Her skal det vera godt å leva, bu, jobba og komma på besøk
Halfdan legg ikkje skjul på at det alltid vil finnast utfordringar. Men han er oppteken av korleis ein møter dei.
For han betyr det noko at både kommunen og innbyggjarane snakkar godt om Vindafjord.
Ikkje fordi alt skal glansbiletførast, men fordi måten ein omtalar staden sin på, faktisk verkar inn på korleis folk opplever han.
– Det betyr noko korleis me omtalar Vindafjord. Her skal det vera godt å leva, bu, jobba og komma på besøk, avsluttar den engasjerte kommunedirektøren.
Og når Halfdan skal forklara kvifor han trivst så godt, kjem han tilbake til det same som han byrja med: menneska.