Gratis vaksine mot fugleinfluensa for yrkesutsette

Det er no tilgjengeleg ein vaksine som kan verna menneske mot smitte av fugleinfluensa. Vaksinen blir tilbydd til yrkesgrupper med auka risiko for eksponering.

Illustrasjon måke på ein holm med sjø og blå himmel i bakgrunnen - Klikk for stort bilete Veten (KI)

Desse gruppene blir tilrådde vaksina

FHI vurderer at vaksina er særleg aktuell for desse gruppene:

  • kommersielle fjørfebønder og arbeidstakarar i fjørfehald
  • plukkarar, det vil seia arbeidstakarar som plukkar fjørfe i fjørfehald
  • veterinærar og produsentrådgjevarar, og inspektørar frå fjørfenæringa og Mattilsynet som kjem i direkte kontakt med sjuk fugl
  • saneringspersonell som handterer mistenkte eller stadfesta utbrot
  • laboratoriepersonell ved Folkehelseinstituttet
  • laboratoriepersonell ved Veterinærinstituttet

Personar i desse gruppene kan vera særleg utsette for smitte i samband med handtering av sjuk eller død fugl, og ved arbeid i område med pågåande utbrot. Vaksina er eit supplement til, og ikkje ei erstatning for, tilrådd smittevernutstyr og rutinar.

Les meir om fugleinfluensavaksine på nettsida til FHI

Det er viktig å understreka at ein ikkje bør ta på sjuke eller døde fuglar. Dersom ein finn fugl som kan vera smitta, skal dette meldast til Mattilsynet.

https://www.fhi.no/sv/influensa/fugleinfluensa/rad-for-a-forebygge-smitte-med-fugleinfluensa-til-mennesker/

Korleis få vaksina?

Ta kontakt med vaksinekontoret for meir informasjon. Vaksina blir tilbydd gratis til dei aktuelle målgruppene.

Kontaktinformasjon

Vaksinekontor

Måndag, tysdag, onsdag og torsdag.
Telefontid klokka 09.00-12.00.

E-post: vaksinekontor@vindafjord.kommune.no