Gratis tilbod om kvardagsrehabilitering

Opplever du vanskar med å utføre daglege aktivitetar, eller kjenner ein i den situasjonen? Då kan kvardagsrehabilitering vera noko for deg – eller den du er glad i.

Kanskje vurderer du å søka hjelp til gjeremål i kvardagen?

Eller kjenner du nokon eldre som ynskjer å bu heime, men som har utfordringar med balanse, styrke eller andre daglege gjeremål?

Då kan kvardagsrehabilitering vera aktuelt.

Tilbodet er for dei som ynskjer å meistre kvardagen best mogleg, og bli buande heime.

Kvardagsrehabiliteringsteamet kjem heim og trenar saman med deg!

Treninga føregår opptil 3 dagar i veka i 3–5 veker.

Tilbodet er gratis og vert utført av eit tverrfagleg team beståande av fysioterapeut Gunvor Johansson Garvik, ergoterapeut Tina Günther og sjukepleiar Maili Tveit Oppedal.

Collage av bilete som omhandlar kvardagsrehabilitering - Klikk for stort bilete

Ta kontakt med teamet for meir informasjon:

Telefon: 91 17 96 72

E-post: gunvor.johansson.garvik@vindafjord.kommune.no