MabelAmber, Pixabay
Har du kjent på følelsen av å ikkje strekka til? Minstebarnet gret, og du forstår ikkje kvifor. Treåringen vrir seg misfornøgd på golvet, og du lurer på om du skal gi nærleik, gi etter eller setta grenser.
Du er ikkje aleine om å vera usikker. Kva er det eigentleg barnet vil fortelja?
Vindafjord kommune vil legga til rette for at du som forelder skal føla deg trygg. Våre kurshaldarar tilbyr kurs til deg som er forelder.
Kurset passar for alle.
Målgruppe
Foreldre busett i Vindafjord kommune med barn i barnehage og skule.
Om kurset
Circle of Security-Parenting (COS-P) er eit foreldrerettleiingsprogram basert på 50 års forsking innan tilknytingsteori. Kurset passar for alle.
Du treng ikkje oppleva foreldrerolla som vanskeleg, eller at barnet ditt har behov for noko spesielt, for å delta.
Føremålet med kurset er å gjera foreldre meir bevisst på å sjå, tolka og møta barnet sitt behov og bli bevisst eigne haldningar, følelsar og handlingar i samspelet med barnet ditt.
Kurset er delt opp i kapittel. Me nyttar filmklipp av andre foreldre og barn som utgangspunkt for dagens tema, reflekterer i gruppa og gir rettleiing. Barn er ikkje med på kursa.
Tidspunkt og påmelding
Kurs på kveldstid, 17.00 - 19.00, truleg i Sandeid, kurset er gratis.
Kurshaldararar er:
• Familierettleiar Elin Gravelsæter
• Helsesjukepleiar Bjørg A. Stokland
Påmelding eller spørsmål til kurset kan sendast til Elin Gravelsæter, tlf. 404 31 637 - innan 18 sept - 25
Kurset går over 8 gonger, torsdagar kl. 17.00 - 19.00:
- Torsdag 25 september
- Torsdag 2 oktober
- Torsdag 16 oktober
- Torsdag 23 oktober
- Torsdag 30 oktober
- Torsdag 6 november
- Torsdag 13 november
- Torsdag 20 november