Gode VIBar på Etnemarknaden

Gode VIBar i Vindafjord er ein samanslutnad av Vikebygd Grendeutval, Imsland Grendeutval og Bjoa Bygdeutviklingslag. Dette er eit prosjekt i samarbeid med Vindafjord Kommune og Rogaland Fylkeskommune, med målsetting om å auka folketalet i alderen 0-45 år.

Bilete av stand på Etnemarknaden - Klikk for stort bileteFrå venstre: Bente Sandsgård, Sindre Sandsgård, Åsmund Holten og Gunnar Birkeland Nina Karin Ramsfjell

Prosjektgruppa oppsummerer marknadshelga slik: 

Namnet VIBar spring ut frå namna på bygdene som er med i prosjektet, Vikebygd, Imsland og Bjoa. Vidare er prosjektet inndelt i tre grupper: Bulyst, Skaparlyst og Besøklyst.

Gruppa for Bulyst tok initiativ til å stilla på Etnemarknaden 2023 for å prensentera og "selja"bygdene våre. Me har brukt Omega365 og Vindafjord Tomteselskap til å profilera oss. Noko som me syntest var svært vellukka. I tillegg profilerte me standbetjeningen med T-skjorter. Standen var betjent med 4-6 personar frå VIB bygdene kvar dag.

Standen hadde mange besøkande, og gruppa har verkelig tru på at dette kan bli noko av. Me må selja bygdene, me må by fram hus som ligg for sal, og hus som kjem for sal. Og selvfølgelig tomter som ligg for sal. Dette er eit arbeid som må gjentakast til det uendelige, slik er det å sejla, same kva ein sel. Dette skapar god kjemi mellom bygdene og kan byggje ein god "boost" for heile Vindafjord Kommue. "Saman for Vindafjord!"

Vindafjord politikarane som var på stand i Etne var alle og besøkte oss, og syntest arbeidet me gjorde var svært positivt.

Takk for god hjelp frå Vindafjord Kommune og Vindafjord Tomteselskap!

Mvh. Gunnar Birkeland

Bilete av stand på Etnemarknaden - Klikk for stort bilete Nina Karin Ramsfjell