Gjer klart for vaksinedose tre

Det blir nå lagt til rette for 3. dose med vaksine. Først ut er dei med alvorleg nedsett immunforsvar. Vaksineringa av 16-17-åringar er ferdig med første dose, og ein er godt gang med aldersgruppa 12-15 år.

Wilfried Pohnke, Pixabay

Denne veka har 121 fått dose 1 og 315 har fått dose 2. Ferdig vaksinerte vindafjordingar er dermed kome opp i 5.456.

I aldersgruppa 16-17 år er ein ferdig med å setta første dose, og vaksineringa av 12-15-åringane er godt i gang. Denne veka har 10. klasse ved Skjold skule og 7.-10. klasse ved Ølen skule fått vaksine.  

– Me opplever at dei fleste takkar ja også i desse aldersgruppene, og at det er ein vaksine dei har venta på, seier eier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern..

Tredje dose til dei med alvorleg nedsett immunforsvar

Gjennomføring av vaksinasjon med 3. dose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar:

Dei fleste pasientane skal vaksinerast i sin heimkommune. Det er kommunane som avgjer om 3. dose skal settast som drop-in eller etter timebestilling.

I Vindafjord kommune vil det bli timebestilling.

For å få 3. dose må det dokumenterast at ein person høyrer til i dei utvalte gruppene med alvorleg nedsett immunforsvar. Spesialisthelsetenesta er hovudansvarleg for dette, og vil melda inn pasientane som er aktuelle for dose 3.

Dei som skal vaksinerast med tredje dose vil få eit brev frå sjukehuset. Brevet kan du ta med deg til kommunen når du skal bestilla eller møta opp til vaksinasjon.

Sidan dette kan ta noko tid, har spesialisthelsetenesta i tillegg kome fram til følgjande alternative måtar å dokumentera at du høyrer til ei pasientgruppe som kan få ein tredje dose:

Gruppe 1

Organtransplanterte, beinmargstransplantasjon siste 2 åra, eller ein pågåande graft versus host-sjukdom som krev immunsuppresjon.

  • Alvorleg og moderat primær immunsvikt.
  • Aktiv dialysebehandling og pasientar med kronisk nyresvikt stadium 5.
  • Avansert eller ubehandla hiv-infeksjon.

Alle som har ein diagnose i høve til lista for gruppe 1, kan visa fram notat frå sjukehus der diagnose framgår om dei ønskjer vaksine før dei har mottatt brev fra sykehuset.

Gruppe 2

  • Pasientar med pågåande betydeleg immundempande behandling av anna årsak:
  • Pasientar som brukar immundempande medisinar som står på lista frå dei fagmedisinske miljøa kan kontakta kommunen direkte, og visa frem dokumentasjon på medisinbruk i form av journalnotat, resept, e-resept eller medikamentpakning der pasientens namn framgår.

Kreftpasientar med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling:

  • Dei i gruppe 2 som har kreftsjukdom og er under aktiv behandling, skal avventa brev frå spesialisthelsetjenesten.
  • For dei i gruppe 2 som er oppført på medikamentlista, held det med framvisning av resept.

Medikamentliste legeforeningen.no

Pasientar som av ansvarleg legespesialist blir vurdert å ha svært nedsett immunforsvar og som ikkje inngår i en av gruppene ovanfor: Disse må ha også venta på eige brev frå spesialisthelsetenesta.

Bestilling av time

– Det er ein del pasientar som kan direkte kontakt med oss for å bestilla time. Dette gjeld mellom anna personar som går på medisinar ført opp på FHI si liste, samt dei som må framvisa aktuell dokumentasjon frå lege, seier Økland.

Meir informasjon og medisinliste på FHI