Gjenopning av handlebussen

Nå kan du igjen bli henta heime, køyrt til butikken, handla, ta ein kopp kaffi og drøsa med folk før du blir køyrt heim. Treng du hjelp med varene, får du det heilt inn på kjøkenbordet.

Minibuss køyrer på veg med grøn skog i bakgrunnen - Klikk for stort bilete

Handlebussen vil framover køyra Ølensvåg - Vikebygd og Skipavåg - Imsland kvar fredag. Du ringer den aktuelle ruta og bestiller plass dagen før, altså torsdagen. Sjå kontaktinfo nedanfor.

Billettprisen en 50 kroner tur/retur.

Smittevernreglar

  • Maksimum tal passasjerar er 10 kvar gong
  • Hald 1 meter avstand både på buss eller i drøsestova, eller bruk munnbind

Joker Vikebygd

Joker Vikebygd er først ute. 14. mai er det avgang frå Ølensvåg klokka 09.30. Sidan det er Kristi Himmelfartsdag dagen før, må du ringa og bestilla plass onsdag.

  • Handlebussen køyrer Ølensvåg – Vikebygd (tur/retur) kvar fredag
  • Avgang: klokka 09.30 frå Ølensvåg
  • Retur: avhengig av tal på passasjerar og liknande
  • Du blir henta og levert der du bur
  • Billettpris: 50 kroner tur/retur

Bestilla billett

Ring Joker Vikebygd på 53 76 91 69 før klokka 14.00 dagen før.
Kaffien står klar på «Drøsestova» for den som vil sitta ned litt.
Lurer du på noko, er det berre å ringa 53 76 91 69.

Imsland landhandel

Første handlebuss til Imsland landhandel går fredag 21. mai.

  • Me hentar folk frå Skipavåg til Ølmedal og Imslandssjøen
  • Avgang frå Skipavåg klokka 10.00 kvar fredag
  • Retur når alle er ferdige å handla
  • Du blir henta og levert der du bur

Billettpris: 50 kroner tur/retur

Bestilla billett

Ring Jarle og bestill plass på 99 64 72 26 før klokka 14.00 dagen før.
Lurer du på noko, er det berre å ringa 47 40 80 67 eller 99 64 72 26.