Fullt hus på ordføraren si nyttårsmottaking

Søndag 7. januar inviterte ordførar Ole Johan Vierdal til nyttårsmottaking 2024. På programmet stod nyttårstale ved Statsforvaltar Bent Høie, prisutdeling og konsert med Rossmann mm.

Bent Høie og Ole Johan Vierdal Nils Erik Eide

Vel blåst for nyttårsmottakinga til ordførar Ole Johan Vierdal for 2024. Full sal på Ølen Kulturhus søndag ettermiddag. Ordføraren opna etter fin musikk frå Endre Fjeldheim frå Kulturskulen. Han gav ordet til hovudtalar, Statsforvaltar Bent Høie som holdt ein flott tale. 

Endre Fjeldheim, elev kulturskulen Nils Erik Eide

Kulturskulen ved Eivind Nilsen Riber avslutta første økt før pause med kake og kaffi. 

Eivind Nilsen Riber, kulturskulen Nils Erik Eide

Gunn Rakel Tjelle Jarmer og sin figur Gunni starta opp med eit humorshow etter pausen. Ho hadde med seg mannen sin Lasse Jarmer på flygelet. 

Gunn Rakel T. Jarmer alias Gunni Nils Erik Eide

Så var det dags for prisar og markering. Gratulerer til Ragnhild Aarekol og Bertine Skipevåg Tveit som delte kulturstipendet, Therese Nesheim som fekk omsorgs- og inkluderingsprisen, Rune Furseth som fekk næringsprisen, Randi Roaldkvam Berge som fekk byggeskikkprisen og til eldsjelene bak volleyballgruppa i Vindafjord IL: Hilde Skipevåg, Karine Klæboe, Ingebjørg Rullestad Gjerde, Anja Våg Skjold, Anne Berit S Tveit og Eydis Dalen. 

Ole Johan Vierdal, Bertine S. Tveit, Beate Aarekol (mor til Ragnhild, ho kunne ikke ta i mot prisen sjølv) og Arild Austrheim Nils Erik Eide Ole Johan Vierdal, Therese Nesheim og Arild Austrheim Nils Erik Eide Ole Johan Vierdal, Rune Furseth og Jan Idar Haugen Nils Erik Eide Lars Olav Larsen, Randi Roaldkvam Berge, Ole Johan Vierdal og Jan Idar Haugen Nils Erik Eide Jan Idar Haugen, Karine Klæbo, Anja Våg Skjold, Eydes Dalen, Ingebjørg Rullestad Gjerde, Anne Berit Skipevåg Tveit og Ole Johan Vierdal Nils Erik Eide

Etter prisutdelinga var det markering av NM vinnarar, gratulerer til Tiril Våg Skjold, Bertine Skipevåg Tveit og Volleyballgruppa Vindafjord IL Jenter 17. 

Volleyballgruppa Vindafjord IL, Jenter 17 Nils Erik Eide

Til slutt fekk publikum, over 200 personar, gleda av å få konsert med ROSSMANN. 

Rossmann Nils Erik Eide

Til å hjelpe seg med denne fantastiske kulturelle ettermiddagen hadde ordføraren fått med seg Anne Mettte Klungland, Inger Olaug Sandvik, Halvor Hem, Norunn Helland, Svein Carlos Nilsen Gjil og Nils Erik Eide. Ordføraren avslutta med å takke denne komiteen for framifrå jobb. Han takka også Jarle Ljosnes, Ølen Kulturhus for lyd, lys og bilde. 

Takk til alle som møtte opp denne ettermiddagen på Ølen Kulturhus.

Over 200 personar møtte opp. Nils Erik Eide