Midlane går til ordninga «FOR ALLE», som skal bidra til at barn og unge får vera med på fritidsaktivitetar – uavhengig av økonomien til familien.
– Me er utruleg takknemlege for denne gåva. Ho gjer det mogleg å inkludere fleire barn og unge i aktivitetar som betyr mykje for både trivsel og fellesskap, seier Liva Nesheim Fuglestein, leiar for frivilligsentralen.
Gjennom «FOR ALLE» kan frivilligsentralen hjelpa familiar som har utfordringar med å dekke kostnader til utstyr, kontingentar eller turar. Ordninga er basert på tillit, og målet er enkelt: ingen barn skal stå utanfor fordi økonomien set grenser.
Liva Nesheim Fuglestein, leiar for frivilligsentralen i Vindafjord får utdelt gåva frå banksjef Magne Christiansen.
Vindafjord Frivilligsentral
Sparebankstiftelsen SR-Bank har fokus på at at alle skal bli inkludert og delta på ulike aktivitetar, uavhengig av økonomi. Dette prosjektet blei starta i 2019 og fekk namnet FOR ALLE.
– Vindafjord frivilligsentral har vært flinke til å søka midler og bidrar sterkt til at unge i Vindafjord skal vera inkludert i felleskapet. Dette er åttande gang at dei får tildelt midlar frå oss til “FOR ALLE”. Som ein lokal bank i Vindafjord, kjenner me på en stor glede ved å kunne bidra i dette arbeidet, fortel Magne Christiansen, banksjef i SpareBank 1 Sør-Norge.
FOR ALLE!
Står barnet ditt i fare for å ikkje kunne delta i fritidsaktivitetar grunna utfordrande økonomi? Ta kontakt med frivilligsentralen!
Midlane kan dekkje:
- Utstyr
- Aktivitetsklede
- Medlemskontingent
- Transport
- Eigenandelar til turar og turneringar
For å søkje om støtte tek ein kontakt med frivilligsentralen på e-post eller telefon. Det blir ikkje kravd dokumentasjon av privatøkonomi, og i tillegg til føresette kan trenar, lagleiar, kontaktpersonar i kommunen eller andre bekjente ta kontakt på vegne av familiar.
Det er ynskjeleg med informasjon om:
- Namn og alder på barnet
- Type fritidsaktivitet
- Om det gjeld eit enkelt arrangement eller ein aktivitet over tid
- Om barnet deltek i andre fritidsaktivitetar
- ostnad