Frå verdsrekord til livets største utfordring: Bjørn Einar Romøren kjem til Vindafjord

Onsdag 24. september blir ein heilt spesiell kveld ved Ølen Kulturhus. Då kjem Bjørn Einar Romøren for å halda føredraget "Fra verdensrekord til livets største utfordring".

Det er i samband med 20-årsjubileet for kreftsjukepleien i kommunen, at tidlegare skihoppar og verdsrekordhaldar Bjørn Einar Romøren kjem til Vindafjord.

Portrett av Bjørn Einar Romøren - Klikk for stort bilete

Han har levd eit innhaldsrikt liv – frå å stå på toppen av skihoppsporten med verdsrekord - til å møta livets største prøvingar med kreftdiagnose og det å venta barn på same tid.

I føredraget deler han opne og ærlege refleksjonar om oppturar og nedturar, og kva lærdomar ein kan ta med seg frå ulike livshendingar.

– Det er ikkje alle som har opplevd å ta verdsrekord og få kreft samtidig som ein skal bli far. Likevel går livet vidare. Eg ønskjer å formidla verktøy og livserfaringar som folk kan bruka i kvardagen, seier Romøren.

Portrettbilete av Romøren - Klikk for stort bilete

Livets kontrastar

Føredraget er eit dypdykk i livets kontrastar – frå idrettsglede og konkurranseinstinkt til sjukdom og sårbarheit. Han snakkar om det som er allment og gjenkjenneleg, og tilbakemeldingane frå tidlegare føredrag viser at bodskapen treff folk.

– Tilbakemeldingane er at dette er noko som treff dei som kjem for å høyra. Eg er ganske open og deler sterke referansar, fortel han og legg til:

– Det er ekstra hyggeleg å få stilla opp for kreftsjukepleietenesta sitt jubileum. Det er ei gruppe som verkeleg står på for kreftpasientar, og det har stor effekt i eit menneske sitt liv å få den støtta i prosessen med å bli frisk, seier han.

Gler seg til å besøka Vindafjord

Romøren ser fram til å besøka Vindafjord og oppleva fjell og fjord – natur han trivst godt med.

– Å delta på Mesternes mester var mitt svar på tidenes beste norgesferie i konkurransesetting. No gler eg meg til å oppleva den fine naturen i Vindafjord.

Arrangementet er ope for alle.
 

  • Dato: 24. september
  • Tid: Kl. 19.00–21.30 (enkel servering frå kl. 18.30)
  • Stad: Ølen Kulturhus
  • Foredrag: Bjørn Einar Romøren – “Fra verdensrekord til livets største utfordring”
  • Musikk: Belgtøttene
  • Pris: 100 kr (Vipps/kontant): VIPPSNR. #914187 - merk vippsbetalinga med «Romøren»
  • Påmelding: Send SMS til 488 91 211