Eit år med fokus på nærvær
Gjennom det siste året har Vindafjord kommune hatt eit målretta fokus på nærværsarbeid som ein har valt å kalla «kjekkast på jobb». Leiarar, tillitsvalde og verneombod har arbeidd saman for å styrkje kunnskapen om oppfølging av sjukefråvær og korleis me best kan leggje til rette for at medarbeidarar kan vere i arbeid når helseutfordringar oppstår.
Som ein del av satsinga har kommunen arbeidd systematisk med oppfølging av sjukefråvær frå A til Å. Det har vore fokus på roller, ansvar, tidleg dialog, tilrettelegging og godt samarbeid mellom arbeidstakar, leiar, tillitsvalde, verneombod og andre støttefunksjonar. Målet har heile tida vore å skape ein arbeidsplass der medarbeidarar opplever meistring, tilhøyrsle og moglegheit til å bidra.
Deltakarane fekk òg ei innføring i verktøyet «Ein bra dag på jobb» frå STAMI, som skal bidra til tidlegare dialog og betre tilrettelegging når medarbeidarar opplever helseutfordringar. I løpet av dagen presenterte fleire av dei som har ei sentral rolle i oppfølgingsarbeidet seg og informerte om korleis dei kan støtte både medarbeidarar og leiarar.
Eit breiare perspektiv på sjukefråvær
For å løfte blikket og få nye perspektiv på sjukefråværsarbeidet, fekk deltakarane besøk av lege og samfunnsdebattant Kaveh Rashidi med foredraget «En sykemeldt nasjon».
Kaveh Rashidi
Julie Matre Stople
Gjennom faglege refleksjonar og tankevekkjande døme sette Rashidi søkjelys på samanhengen mellom helse, arbeid og sjukefråvær. Han utfordra oss til å reflektere over korleis sjukmelding blir brukt i Noreg, og korleis arbeid i mange tilfelle kan vere ein viktig del av vegen tilbake til betre helse.
Foredraget gav eit breiare perspektiv og understreka kor viktig det er med godt samarbeid mellom arbeidstakar, arbeidsgivar og fastlege for å finne løysingar som gjer det mogleg å vere i arbeid når det er forsvarleg. Innlegget skapte stort engasjement og gav deltakarane verdifulle refleksjonar med seg vidare i det daglege arbeidet.
Vidare i programmet fekk me besøk av Øystein Birkeland som arbeidar som bedriftslege i bedriftshelsetenesta Falck. Her fekk me fleire gode tips til korleis me kan bruke bedriftshelsetenesta i oppfølging av sjukemeldte samstundes fleire tips til område me kan nytte bedriftshelsetenesta meir.
Julie Matre Stople
Kjekkast på jobb» er lagt opp med ein tanke om at når me arbeidar saman om oppfølging, blir oppfølginga betre. Når me veit om kvarandre sine ansvarsområde kring for eksempel eit sjukefråvær, blir det enklare å samarbeida og spørja kvarandre om råd. Difor hadde me også denne dagen lagt opp til ein sofasamtale saman med bedriftshelsetenesta, fastlege, Nav, HR og ein avdelingsleiar. Dette er ei naturleg gruppe som ofte samarbeider om oppfølginga av tilsette
f.v.: Anne-Solveig Kvinnesland (HR-rådgivar), Øystein Birkeland (Bedriftslege Falck), Arild Lund (HR-rådgivar), Agnieszka Brendland (Rådgiver i Nav), Elin Hundhammer Vågen (fastlege) og Kristin Tellefsen (avdelingsleiar)
Julie Matre Stople
På førehand blei det delt ut verkelegheitsnære caser som ein skulle drøfte i «sofaen». Poenget her var å få fram kva dei ulike aktørane kan bidra med inn i oppfølginga av sjukemeldte. Det blei god prat og gode diskusjonar i gruppa. Her fekk ein verkeleg sjå samarbeid i praksis!
Vindafjord 2.0 – Me byggjer morgondagens handlingsrom i dag
Kommunedirektør Halfdan Krohn-Brekke presenterte utviklings- og omstillingsarbeidet Vindafjord 2.0 – Me byggjer morgondagens handlingsrom i dag.
Han la fram bakgrunnen for kvifor kommunen må arbeide målretta med utvikling og omstilling i åra som kjem. Demografiske endringar, aukande forventningar til tenestene og trongare økonomiske rammer gjer det naudsynt å tenkje nytt og finne nye måtar å løyse oppgåvene på.
Kommunedirektøren understreka at Vindafjord 2.0 ikkje er eit prosjekt for nokre få, men eit arbeid som skal involvere heile organisasjonen. Skal me lukkast, må alle dra i same retning. Medarbeidarar, leiarar, tillitsvalde og verneombod har alle ei viktig rolle i arbeidet med å utvikle kommunen og sikre eit godt handlingsrom for framtida.
Halfdan Krohn-Brekke (kommunedirektør)
Julie Matre Stople
Presentasjonen vart svært godt motteken. Mange gav uttrykk for at kommunedirektøren formidla både utfordringane og moglegheitene på ein tydeleg, forståeleg og inspirerande måte. Samstundes skapte bodskapen engasjement og tru på at kommunen kan møte framtida gjennom samarbeid, involvering og felles innsats.
Saman byggjer me framtida
Sjølv om temaet for dagen spente frå nærværsarbeid til strategisk omstilling, var bodskapen den same: Framtida til Vindafjord kommune blir skapt gjennom menneska som arbeider her.
Eit godt arbeidsmiljø, høgt nærvær og sterke fagmiljø er viktige føresetnader for å kunne levere gode tenester også i framtida. Samtidig krev utvikling og omstilling at heile organisasjonen er involvert og tek ansvar for å finne nye løysingar.
Årets tillitsvalddag synleggjorde korleis satsinga på «Kjekkast på jobb» og arbeidet med Vindafjord 2.0 heng tett saman. Ved å ta vare på medarbeidarane våre, styrkje nærværet og utvikle organisasjonen i fellesskap, byggjer me morgondagens handlingsrom i dag.
Saman byggjer me Vindafjord 2.0 – og saman skaper me ein arbeidsplass der det er kjekkast å vere på jobb.