Fotokonkurranse: Korleis ser vakre, vinterkledde Vindafjord ut for deg?

No ligg landskapet kledd i frost, snø og magisk vinterlys. Har du tatt eit blinkskot av vinteren i Vindafjord? 

Har du ein favorittstad når vinteren viser seg frå si finaste side? Då vil me gjerne sjå det.

Me inviterer til fotokonkurranse der du kan dela dine beste vintermotiv frå Vindafjord. Vinnaren vert trekt 2. mars, og premien er ei snopeskål som kan gjera dei kalde vinterkveldane litt ekstra hyggelege.

Slik deltar du

  • Send bileta til kommunikasjon@vindafjord.kommune.no
  • Skriv kvar biletet er tatt
  • Biletet må vere utan personar (natur, landskap, bygg eller liknande), og det må vere tatt i Vindafjord
  • Du må sjølv ha tatt biletet
  • Ved å delta gir du kommunen rett til å bruke biletet på heimesida og i sosiale medium

Me gler oss til å sjå vinteren gjennom dine auge.

Ølensvåg - Klikk for stort bileteØlensvåg er fin og vinterkledd. Kristine Thorsen Eikeland