§3 Skulekrinsar
1. Vindafjord kommune er delt inn i barneskulekrinsar og ungdomsskulekrinsar. Grensene går fram av kartvedlegg som er ein del av forskrifta og er juridisk bindande del.
2. Barneskulekrinsane følgjer i hovudsak soknegrensene og naturlege bygdelag, med justeringar ved nedlegging eller etablering av skular.
3. Ungdomsskulekrinsane er fastsette slik:
4. Vikedal skule: elevar frå Sandeid oppvekstsenter
5. Ølen skule: elevar frå Vågen oppvekstsenter
6. Skjold skule: elevar frå Vik oppvekstsenter, Vats skule
§4 Prinsipp for tildeling av skuleplass
Ved tildeling av skuleplass skal kommunen leggje særleg vekt på:
7. Geografisk nærleik (kortaste trygge og praktisk farbare veg).
8. Topografi og naturlege barrierar.
9. Trafikktryggleik.
10. Kapasitet ved skulane.
11. At barn i same nabolag får gå på same skule.
12. Søsken på same skule. Barnets folkeregistrerte adresse per 1. mars i det året skulen startar, er normalt avgjerande for kva skule barnet soknar til.