Foreldrerettleiing ICDP for flyktningar
Onsdag 20. november hadde helsestasjonen og Integreringstenesta foreldrerettleiing ICDP for flyktningar frå Ukraina. Dette er eit kurs som blir gitt til foreldre i introduksjonsprogram når dei kjem til Vindafjord.
Godt oppmøte på foreldrekurs ICDP på rådhuset denne onsdagen. Ansvarlege for kurset er Hilde Bjerkreim (t.v) og Anny Alvseike (t.h)
Nils Erik Eide
ICDP står for International Child Develope Program og det er altså eit foreldrerettleiingsprogram som blir gitt til foreldre i introduksjonsprogram når dei kjem til Vindafjord.
Kurset går gjennom 10 veker. Kurset er eit samarbeid mellom NAV integreringsteneste og Helsestasjon. Her gjekk diskusjonen rundt bordet og stemninga var god. Denne hausten er 11 stk frå Ukraina med på kurs. I tillegg til ukrainsk tolk. Ansvarlege for dette kurset er Anny Alvseike frå integreringstenesta og Hilde Bjerkreim frå helsestasjonen. Tilbakemeldingane frå deltakarane er positive. Viktige refleksjonar rundt bl.a kulturforskjellar, samspel, grensesetjing og barn sine følelsar blir delt mellom deltakarar og kurshaldarar. Me lærer av kvarandre.
Les meir om ICDP her
Sist endra 21.11.2024 20.36