Folkevaldopplæring

Denne veka har det nye kommunestyret, første varamedlemmer og kontrollutvalet hatt folkevaldopplæring med tidlegare ordførar i Haugesund kommune Petter Steen jr,  som no jobbar som prosessrettleiar for KS.

Over to dagar har dei folkevalde fått opplæring saman med administrasjonen av Petter Steen jr. Anne Mette Klungland

 Kommunedirektøren og leiargruppa hans deltok også på delar av opplegget.

Petter Steen jr la opp til ei variert opplæring med førelesing og gode gruppeoppgåver som blei tatt opp til diskusjon i plenum.