Folkevaldopplæring

I dag har våre politikarar hatt folkevaldopplæring del 1, saman med administrasjonen. Håvard Moe, seniorrådgiver KS-Konsulent, hadde tema økonomiforståing i leiing og  kommuneøkonomi for folkevalde. 

Før Håvard Moe gjekk på scenen hadde Frode Ingvaldstad, som jobbar i KS Vest, innleiinga der han fortalde om KS si rolle. KS er krafta av alle kommunane, sa han. Alle kommunar er medlem i KS.

Frode Ingvaldstad, KS Nils Erik Eide

Programmet for dagen

 

Håvard Moe, KS konsult Nils Erik Eide

Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen ønskte alle velkommen og informerte om at det også kjem folkevaldopplæring del 2 med Petter Steen jr over nyttår. Håvard Moe skal vera i Vindafjord i tre dagar. Dag to skal han ha førelesing for tillitsvalde og dag tre for leiarar og kommunedirektøren si leiargruppe om prosessen rundt kva ein gjer med dette som administrative leiarar og korleis ein skal rigge ein god prosess for dei endringane Vindafjord må gjennom dei neste 10-20 åra. 

Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen Nils Erik Eide

 

Håvard Moe var tydeleg på kva som må skje for å imøtekome framtida Nils Erik Eide

Statsforvaltar Bent Høie var også til stades på folkevaldopplæringa, han fortalde om statsforvaltaren si rolle til dei folkevalde i Vindafjord kommune.

Statsforvaltar Bent Høie Vegard Bang