Fleire eldre og sjuke bør ta vaksine mot pneumokokkar

Folkehelseinstituttet er bekymra for den låge dekninga av pneumokokkvaksine blant eldre og personar med underliggande sjukdom. Dei oppfordrar fleire til å beskytta seg mot sjukdommen. Nå er det kort tid igjen for dei som vil ha vaksinen gratis.

iStock

Pneumokokkvaksine beskyttar mot sjukdom forårsaka av pneumokokkbakterien. Den bakterien kan gi lungebetennelse, øyrebetennelse eller bihulebetennelse. I tillegg kan bakterien gi eit alvorleg sjukdomsforløp som blodforgifting eller hjernehinnebetennelse med høg dødelegheit.

Siste frist for gratis vaksine

Måndag 13. juni  og tysdag 14. juni er siste frist for gratis Pneumovax-vaksine mot lungebetennelse i Vindafjord kommune.

Begge dagane er det dropin på Vaksinekontoret/testkontoret frå klokka 10.00-12.00 og 13.00-15.00. Då kan du koma innom på den tida som passar for deg.

Adresse: Rådhusplassen 32 på baksida av Ølen omsorgssenter.

Første mann til mølla

Dette er et tilbod til alle frå 65 år og oppover som ikkje har tatt denne vaksinen dei siste 10 åra. Årets nye 65-åringar vil få SMS om tilbodet.

Her er det første mann til mølla, og når det er tomt er det tomt.

Vaksinen er gratis, men me tek 100 kroner for å setta vaksinen.

Meir informasjon frå FHI