Fjerning av strøsand utsett på grunn av vêret

Rett etter påske skulle kosting av strøsanden etter vinteren på kommunale vegar og fortau begynt. På grunn av det kalde, og til tider vinterlege vêret, blir det oppstart vel ei veke seinare enn planlagt.

Traktor kostar opp strøsand på vegen etter vinteren. - Klikk for stort bileteFjerning av strøsand er eit sikkert vårteikn. Her frå Vikaneset i fjor. Ellen Marie Hagevik

– Mange ønskjer nok å få sanden vekk nå, men kalde morgonar kan gi glatte vegar enno ei stund, slik at sanden kan vera til nytte. Arbeidet startar som vanleg etter påske. Planen er å vera ferdig i god tid før 17. mai, sa Hildbjørg Fludal hos tekniske tenester før påske. 

Fredag føremiddag 16. april er siste oppdatering at feiinga har starta i Skjold, og måndag føl Ølen og Sandeid etter.

700 tonn strøsand

Denne vinteren har det gått med 700 tonn strøsand på kommunale vegar og fortau.

Start blir i Ølen, Skjold og Sandeid. Deretter blir Ølensvåg, Vikebygd og Vikedal sine vegar kosta, før ein avsluttar med Bjoa, Vats og Imsland.

Reingjeringa skjer på kommunale vegar. I tillegg til arbeid på vanleg dagtid, kan det også bli kosta utanom vanleg arbeidstid og i helgar.

Status blir oppdatert kvar fredag.

Planlagt oppstart

  • Ølen: Oppstart 19. april
  • Ølensvåg: Oppstart rundt 25. april
  • Vats: Oppstart rundt 4. mai

 

  • Skjold: Oppstart 16. april
  • Vikebygd: Oppstart rundt 25. april
  • Bjoa: Oppstart rundt 4. mai

 

  • Sandeid: Oppstart 19. april
  • Vikedal: Oppstart rundt 25. april
  • Imsland: Oppstart rundt 4. mai