Festivalmøte med politiet

Fredag hadde politiet invitert festivalarrangørar og kommunen til felles festivalmøte der ein evaluerte fjorårets festivalar og såg fram mot arrangement vår og sommar.

Politiet inviterte til det årlege festivalmøte sist fredag på rådhuset Nils Erik Eide

Dette viktige møtet tek opp aktuelle tema i samband med å arrangera store festivalar, alt frå skjenkeløyve til dei som ikkje har alder til å koma inn på festivalområdet. Møta er veldig nyttige både for politiet, kommunen og ikkje minst arrangørane. Det er mykje tips og anna til å drive ein best mogleg festival utan at reglar og lover blir brotne. 

Festivalane som stilte på dette møtet

I tillegg til politiet, festivalane og kommunen var også SLT koordinator i Etne, Helse Fonna og Haugaland brann og redning med på møtet.