Fem søkarar er med vidare i pris- og designkonkurranse for ny symjehall og bygdehus i Vats

Blant dei sju totalentreprenørane som søkte, vart seks søkarar godkjent. Fem av desse er no invitert til å delta i vidare pris- og designkonkurranse.  

Vindafjord kommune mottok sju søknadar om prekvalifisering til pris- og designkonkurranse for ny symjehall og bygdehus i Vats. Dim Hou, Pixabay

Ein søkar vart avvist grunna manglande dokumenterte kvalifikasjonar.

Totalentreprenørane er vurdert på faglege og tekniske kvalifikasjonar frå erfaringar frå tidlegare svømmeanlegg og samspelsprosjekt. I tillegg til entreprenørens referansar er også tilbode prosjektleiar, arkitekt og rådgjevargruppe vurdert.

Søkarane er gjort kjent med resultat frå evalueringa. Dei fem prekvalifiserte er:

  • LAB Entreprenør AS
  • GL Prosjektservice AS
  • Backe Rogaland AS
  • Jærentreprenør AS
  • Engelsen Bygg AS

Vindafjord kommune er godt nøgd med interessa for prosjektet og kvalifikasjonane og erfaringane dei ulike grupperingane har dokumentert for vidare konkurranse!