Felles politiråd

To gonger i året skal det vera politiråd, eitt av desse har Vindafjord saman med Etne. I dag gjennomførte kommunane felles møte i Ølen. 

F.v: Ole Johan Vierdal, Yngve F. Bergesen, Sigurd Gjerdevik, Hanne Mette Klungland, Mona Rasmussen Sævik, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, Filippo Ballarin, Liv Ellen Ebne, Kristine H. Strand, Jarle Grindheim og Inger Kathrine Sundve. Nils Erik Eide var også deltakar og fotograf. Nils Erik Eide

Dette er eit viktig råd der kommunane får møte politiet og vise versa, i dag var det fleire viktige saker på agendaen. Politiråd er ordførarane sine møte og kommunane rullerer på kven som er arrangør. Med seg frå kommunane har ordførarane med seg kommunedirektørane, kommunalsjefane og SLT koordinator (i Vindafjord kommune er det oppvekstkoordinator Inger Kathrine Sundve som følgjer opp SLT årshjulet). Politisk sekretæriat har ansvar for det praktiske og innkalling/referat. Politiet stiller med politikontakt og representantar frå leiinga. 

I desember har kommunane politiråd åleine der gjennomgang av handlingsplanen SLT blir rapportert. I tillegg til andre saker som er aktuelle. 

Desse sakene var blant anna på agendaen i dag

  • Gjennomgang av avtale mellom Sør Vest politidistrikt og kommunane Etne og Vindafjord- Evaluering
  • Politikontakten si rolle i kommunane
  • Hjartesoner
  • Status frå kommunane og politiet
  • Plan for vald i nære relasjonar- Status
  • AV OG TIL- felles Vindafjord og Etne
  • Kompetanseløftet- Status
  • Valkamp – truslar
  • Politiet deltek i Ungdomsrådet, felles Etne/Vindafjord
  • Plan radikalisering, saman med Etne
  • Ung i Vindafjord
  • Info Familieteam, samarbeid Etne/Vindafjord
  • Sør Vest Politidistrikt si lokale trusselvurdering (her deltok også representantar frå næringslivet)

Neste felles politiråd saman med Etne blir i juni 2024.