Felles møte for formannskapa på Haugalandet

Vindafjord kommune var godt representert på felles møte for formannskapa på Haugalandet torsdag 22. februar.

F.v Ingvill Haugen (Haugaland Vekst), Gustav Løge Fosse, Therese Nesheim, Ole Johan Vierdal, Nina Karin Ramsfjell, Øyvind Valen, Monica Nesheim, Anna Klette Steinsland og Modolf Haraldseid. Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen deltok også, men på dette bildet var han fotograf Yngve Folven Bergesen

Vindafjord Kommune var representert med ei rekkje formannskapsmedlemmer på det felles møtet for formannskapa på Haugalandet i Tysværtunet. I tillegg var kommunen representert frå scenen, gjennom både Ingvill Haugen og Vibeke Klungland frå Haugaland Vekst.

På møtet var mellom anna kompetansebehovet, rekruttering og bu-lyst på regionalt nivå ein del av temaet. Formålet med det felles møtet var å både orientere om dei ulike initiativa som er i gang i regionen, og for å skaffe grunnlag for eit felles målbilete for regionen.