Fann du ein død eller sjuk villfugl?

Har du observert ein død eller sjuk villfugl i kommunen? Mattilsynet ønskjer meldingar om slike funn for å kunne følgje med på sjukdomssituasjonen hos ville fuglar og andre ville dyr.

MichaelKoll@Pixabay

Me ber om at du ikkje tek på sjuke eller døde fuglar unødvendig. Dersom du finn ein fugl som verkar sjuk eller er død, kan du melde frå direkte til Mattilsynet.

 Skjema for å melde frå om døde eller sjuke villfuglar


Dersom du må fjerne ein død fugl frå eigen eigedom, bør du bruke eingongshanskar og vaske hendene godt etterpå. Mattilsynet har informasjon om trygg handtering av døde fuglar på sine nettsider. [mattilsynet.no]