Etablering av integreringsråd

Vindafjord kommune er ein kommune som over mange år har tatt imot flyktningar frå mange ulike land. Kommunen har også ei stor arbeidsinnvandring knytt til mange av bedriftene i kommunen.

Gerd Altmann, Pixabay

Oppretting av  eit integreringsråd i Vindafjord kommune vil legga til rette for medverknad frå denne innvandrargruppa. Rådet vil kunna bidra til at Vindafjord blir ein inkluderande og integreringsfremmande kommune der innbyggarar frå andre land deltek aktivt i dette arbeidet.

Oppgåver

  • Integreringsrådet skal sikra medverknad i politiske saker frå innvandrar busett i Vindafjord kommune, og skal ha særskild fokus på integrering og inkludering.
  • Rådet skal vera eit høyringsorgan for kommunen og ein arena for dialog og samarbeid mellom innvandrarar, politikarar og administrasjonen i Vindafjord kommune.
  • Rådet skal bidra med forslag og nytenking for betring av levekår og deltaking i samfunnslivet for innvandrar.
  • Rådet skal inspirera innvandrar i Vindafjord til å delta i den demokratiske prosessen

Medlemmer og valperiode

Det er kommunestyret som har vedtatt å oppretta integreringsråd. Integreringsrådet skal veljast av kommunestyret og bestå av 5 medlemmer med 4 varamedlemmer. Rådet skal ha av 3 personar med innvandrarbakgrunn med ulik landbakgrunn og 2 politikarar frå ulike parti.

Kvart kjønn skal vera representert med minst 40 prosent.
Valperioden er 4 år. Rådet vel sjølv leiar og nestleiar i det første møtet. Desse skal veljast for eitt år.

Det er vedteke eit eige reglement for Integreringsrådet. Reglement (PDF, 819 kB) (PDF, 819 kB)

Forslag til kandidatar

Dersom du er interessert i å bli medlem til integreringsrådet, eller har forslag til kandidatar, kan du registrera det på dette skjemaet. Skjema

Organisasjonar og grupper som representerer innvandrarar har også rett til å fremma forslag på medlemmer til rådet. Slike forslag kan også registrerast på dette skjemaet.

Ønskjer du fleire opplysningar, ta kontakt med Gunnbjørg Nesbu på e-post
gunnbjorg.nesbu@vindafjord.kommune.no