Er du 65 år eller eldre?

Då bør du ta pneumokokkvaksine. Pneumokokk er ei bakterie som finst naturleg i nase og svelg. Bakteria er ei av dei vanlegaste årsakene til lungebetennelse hos vaksne, og ei hyppig årsak til øyrebetennelse og bihulebetennelse hos barn.

Bilde av lege som skriv på ein journal - Klikk for stort bilete ckstockphoto@Pixabay

Pneumokokkvaksine til risikogrupper

Alle personar over 65 år, eller som har ein sjukdom eller tilstand som gjer at dei har høgare risiko for å få alvorleg pneumokokksjukdom, er anbefalt å ta pneumokokkvaksine. Pneumokokkar er ein bakterie som kan gi lungebetennelse, øyrebetennelse eller bihulebetennelse, men kan også gi eit alvorlegare sjukdomsforløp som blodforgifting (sepsis) eller hjernehinnebetennelse (meningitt).

Denne vaksinen er anbefalt å ta kvart 6. år. Vaksinen kostar 500 kroner.

Bestilla time

Kontakt vaksinekontoret på mobil 91 30 38 42 tysdag, onsdag og torsdag klokka 09.00-12.00,
eller på e-post vaksinekontor@vindafjord.kommune.no.  

 

Nettlenke til FHI - Pneumokokkvaksine til risikogrupper