Endeleg yrkessmesse igjen

Yrkesmessa, i regi av Haugaland skule og arbeidsliv, vart arrangert denne veka i Tysvær arena Haugesund sparebank. I den samanheng var både elevar, lærarar, politisk og administrativ leiing på besøk. Barnehage og skulesjef Svein Carlos Nilsen Gjil var til stades og han var imponert over arrangementet, som er viktig for avgangselevane våre som skal ta eit viktig val for framtida si Nils Erik Eide

Grunna Covid-19 har dei siste yrkesmessene blitt avlyst, seinast den som skulle blitt arrangert januar 2022. Den er no blitt flytta permanent frå januar kvart år til september, og første messe på dette tidspunktet blei arrangert denne veka, 13.- og 14. sepptember. 

På yrkesmessa får ca 2500 elever moglegheit til å møta ca 60 utstillarbedrifter frå heile Haugesundregionen. Utstillarane er der for at elevane skal bli betre kjent med næringslivet og ­arbeidsmoglegheitane på Haugalandet, samstundes som dei også får ­informasjon om ting ein lurar på før ein skal ta val om vidare utdanning. Avgangselevane i Vindafjord var også til stades på messa saman med rådgjevar og lærarar.

Yrkesmessa ønskjer å visa elevane breidda i vårt lokale næringsliv, og ein har samla utstillarar frå ulike bransjar. Dette for at ein skal gjera det enklere for elevane å finna ut kva moglegheiter ein har innanfor ein bransje eller eit fagområde, og her er moglegheitane mange. 

Det er kommunane i Haugesundregionen som eig yrkesmessa gjennom Haugaland Skule  og Arbeidsliv (HSA) og Tysvær Arena Haugesund Sparebank er teknisk arrangør. Messea vert arrangerert i tett samarbeid med dei private opplæringskontora på Haugalandet, Karrieresenteret, HVL og rådgijevarane i ungdomsskulen og i den vidaregående skulen.

Tysdag 13. septemberblei det arrangert eit inspirerande føredrag på kvelden der elevane kunne ta med seg foreldre/føresette slik at også dei fekk bli betre kjent med alle dei spanande utstillarane.

Invitert til frukostseminar

Kommuneleiing og politisk leiing vart i samaband med yrkesmessa 2022 invitert til eit frukostseminar. Her deltok ordførar Ole Johan Vierdal, barnehage og skulesjef Svein Carlos N. Gjil, rektor Vikedal skule Bente T. Gjil og kommunalsjef for oppvekst Nils Erik Eide. Dette var på agendaen:

  • Frukost og prat
  • Besøka yrkesmessa, utstillarar og elevar (messeområdet)
  • Føredrag ved Maria Aasbø, leiar Ungt Entreprenørskap 
     

Maria Aasbø snakka om «Den aktive eleven: korleis entreprenørskap kan gjera undervisninga meir nær røynda, relevant og motiverende".

Ungt Entreprenørskap er ein ideell, landsomfattande organisasjon som saman med utdanningssystemet, næringslivet og andre aktørar jobbar for å utvikle barn og unge sin kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv. Vindafjord kommune er medlem av Ungt Entreprenørskap, der elevar i fjor vann gjeve prisar på konkurranse for elevbedriftar i Nord-Rogaland. Les meir om det i denne artikkelen: 

Beste elevbedrift i Nord-Rogaland

Sjå bilder frå yrkesmessa 2022 her: