Elevar støttar Demensaksjonen denne veka

Denne veka kan du møta kjekke elevar frå faget Innsats for andre ved Skjold skule og Ølen skule. Dei samlar inn pengar til støtte for Demensaksjonen. 

Engasjerte elevar frå faget Innsats for andre ved Skjold skule og Ølen skule er med på å samla inn pengar til Demensaksjonen, som gjer ein viktig innsats for menneske med demens og deira pårørande.

Skjold skule

Elevane ved Skjold skule går med bøsser og varme smil. Pengane dei samlar inn går til demensforsking og lokale tiltak som støttar menneske med demens.

Elevar ved Skjold skule samlar inn pengar til Demensaksjonen - Klikk for stort bileteElevar ved Skjold skule samlar inn pernger til Demensaksjonen Skjold skule

Ølen skule – onsdag

På onsdag vil elevar frå Ølen skule bidra til forsking på barnedemens. Dei gler seg til å selja nysteikte vafler på senteret og bollar på torget, og nokre vil òg gå rundt med bøsser. 

Vil du bidra?

Får du ikkje møtt bøssebærarane, men har lyst å støtta saka? Du kan Vipps’e eit valfritt beløp til 577150.

Bilete av bøsse og Vippsnummer  - Klikk for stort bilete Ølen skule

Om Demensaksjonen

Demensaksjonen, som har blitt arrangert sidan år 2000, er Nasjonalforeininga for folkehelsa si årlege informasjons- og innsamlingskampanje. Målet er å setja søkelys på demens og samla inn pengar til demensforsking og lokale demenstiltak.