Elevar på Skjold skule lagar julestemning og arrangerar marknad
Det er verkeleg julestemning på Skjold skule i desember. Elevane har pynta skuleområdet og arrangerar julemarknad 4. desember.
Elevane ved Skjold skule har sett opp flotte juletre som gjer det ekstra koseleg for både elevar, tilsette og nærmiljøet.
Jacub, Lars, Christian, Reiar og Jone (avbilda) er blant dei som har vore med og skapt den fine stemninga.
Jone Blikra-Ohm og Reiar Winterhus Julsrud set opp juletre på skuleområdet.
Skjold skule
Frå venstre: Jacub Jan Wybraiak, Lars Amundsen og Christian Dahl-Saravia er i full sving med førebuingane.
Skjold skule
I dag inviterar Skjold skule til julemarknad på Skjold Arena frå klokka 16.00 til 19.00.
Det er arbeidslivsfag på 9. trinn som står for arrangementet, men du finn òg varer som 6., 8. og 10. klasse har laga.
Det blir sal av graut og andre godsaker, og kaféen held ope så lenge det er noko å selje.
Velkommen til ein triveleg førjulskveld på Skjold Arena!
Sist endra 04.12.2025 15.00