Etter lærlingtid, jobb som miljøarbeidar i Senja og eit opplevelsestungt friår, er Randi Synnøve no tilbake der ho vaks opp – med eiga bustad og jobb.
For Randi Synnøve er det Vindafjord som kjennest mest som heime.
        Vindafjord kommune
    Frå Vats til Senja
Etter å ha vore lærling, såg Randi Synnøve for seg eit friår på bibelskule. Men planane tok ein ny vending.
– Ei venninne spurte om eg ville vere med til Nord-Noreg for å jobbe som miljøarbeidar på ein vidaregåande skule. Eg sa ja, søkte – og fekk jobben, fortel ho.
Dermed gjekk turen til Senja, der ho fekk oppleve både natur og menneske på nært hald.
– Me var mykje saman med elevane på ettermiddagane, og eg fekk oppleve korleis det var å vere ein del av kvardagen deira. Det vart eit opplevelsesår med både fjellturar og naturopplevingar. Samstundes var det langt heimanfrå.
Valde å jobba med barn og unge
Randi Synnøve hadde eigentleg planar om å gå byggfag, men læretida i barnehage endra alt.
– Som lærling opplevde eg kor mykje glede det gav å vere med ungane. Det er ein fri og leiken kvardag, og eg trivst med å bidra til deira utvikling. Ungane gjer verkeleg dagane mine gode – dei er små gledesspreiarar,» seier ho med eit smil.
I dag jobbar ho på skulen i Skjold, og kjenner ho har valt rett. 
Eg trivst utruleg godt med yrket. Det gir meg både meining og kvardagsglede.
Randi Synnøve er tilbake der ho vaks opp – med eiga bustad og jobb i barnehage.
        Vindafjord kommune
    Eigen bustad i Vats
Då ho flytta heim frå Nord-Noreg, budde ho først hjå foreldra for å spare pengar. Etter eit halvt år med målretta sparing, fann ho bustaden ho ville ha: ein del av eit rekkehus på 60 kvadrat i Vats.
– Eg fekk to soverom, stove, kjøkken, bad, vaskerom og gang – og til og med stort terrasse. Alt for 1,75 millionar. Eg er svært fornøgd med kjøpet, fortel ho.
Prisforskjellen samanlikna med byane er stor.
– Eg har vener som leitar etter bustad i byen, og når dei ser kva eg har fått her for prisen, blir dei heilt sjokkerte. Det gjer Vindafjord til ein utruleg attraktiv stad å etablere seg.
Oppvekst og tilhøyrsle
For Randi var oppveksten i Vats avgjerande for valet om å flytte heim.
– Eg er veldig familiekjær og set stor pris på å bu nær dei eg er glad i. Samstundes har bygda ein nærleik til naturen som du ikkje får i byen – det er lett å ta ein tur i skogen eller på fjellet. Og så er det noko eige med å gå inn på den lokale Joker-butikken og bli gjenkjend.
Ho har òg mange gode minne frå tida på internatskulen Tryggheim på Jæren.
– Å bu saman med vennene dine gir noko heilt anna enn vanleg vidaregåande. Eg fekk vener for livet der, seier ho.
Blikk mot framtida
Randi ser lyst på dei komande åra.
– Om ti år håpar eg å ha ein eigen familie, og kanskje eit større hus – gjerne med litt større hage. Det er fullt mogleg her i Vindafjord. Eg trivst i byggefeltet, men ser òg for meg å bu litt meir landleg etter kvart.
Når ho har fri, likar ho å vere ute i naturen, vere saman med vener og familie – eller finne ro i hobbyar som strikking og maling.
– Det gir meg balanse i kvardagen, seier ho.
Favorittplassen
Når Randi skal peike ut sin favorittplass i Vindafjord, kjem svaret raskt:
– Stakkardalen i Vats. Der kan du gå ein fin rundtur som endar ned mot sjøen, med utsikt mot bygdene rundt. Det er ein stad eg verkeleg finn ro.