Du kan testa deg sjølv

Anbefalingane om testing ved symptom gjeld fortsatt. Du kan velja om du vil testa deg sjølv med godkjent hurtigtest heime, eller ta ein PCR-test ved kommunal teststasjon.

Hurtigtest-sett. - Klikk for stort bilete Tom Cam, Pixabay

Koronakontoret i Vindafjord kommune har i dag eit overskotslager av hurtigtestar. Me vil tilby innbyggarane gratis hurtigtestar til heimebruk. Dei blir utlevert til fastsette tider på koronakontoret.  

– Kvar husstand kan få maksimum 5 testar. Ved positiv hurtigtest er det viktig at du isolerer deg og tar kontakt med koronakontoret for å få bekrefta testen med ein PCR-test, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.

Du må bestilla sjølvtest via e-post til korona@vindafjord.kommune.no eller ringa koronakontoret på telefon 53 65 60 34 eller mobil 99 52 99 06.

Utlevering skjer måndag til fredag mellom klokka 08.00 - 10.00. 

Les meir om sjølvtesting under spørsmål og svar