Droner kan redda rådyrkje frå slåmaskinane

Vindafjord Jakt og Fiskelag har investert i ei avansert drone som kan hjelpa til å leita opp rådyrkje som ligg ute på jordene før slåtten. Tenesta er eit tilbod til alle bønder i Vindafjord.

Bilete frå Norges Jeger- og Fiskerforbund

Vindafjord Jakt og Fiskelag har investert i ei avansert drone ved hjelp av midlar frå blant anna Viltfondet i Vindafjord kommune. Drona er kjøpt inn for å kunna leita opp rådykje som ligg ute på jordene ved bruk av eit termisk kamera montert på drona.

I samband med førsteslåtten er rådyrkjea så små at dei blir liggande i graset i staden for å springa avgarde når slåmaskinane kjem. Vindafjord Jakt og Fiskelag ønsker å bidra slik at rådyrkjea kan flyttast og unngår å bli skada av slåmaskinane. Denne tenesta er eit tilbod til alle bønder i Vindafjord. I ein prøveperiode vil dette vera gratis. På sikt må ein finna gode løysingar for å få finansiert tenesta. 

Ta kontakt med Vindafjord Jakt og Fiskelag for å få henta ut rådyrkje ved hjelp av drone. Dei er spesielt interessert i kontakt med dei som køyrer leigekøyring og har god erfaring med kvar det pleier å liggja kje.

Planlegging er viktig i forkant av flyging med drone. Ta kontakt i god tid for å planlegga oppdraget. Flyging skjer helst mellom klokka 05 og 08 på morgonen, eller kvelden i forkant av slotten.

Ta kontakt med leiar jaktutval, Tore Skogen, i Vindafjord Jakt og Fiskelag på telefon 91 55 83 30