Ein av dei er Pål Askvig. Han har lang fartstid frå skuleverket – som lærar, IT-ansvarleg og inspektør på Ølen skule. No har han òg ei ny rolle: prosjektstilling som digitaliseringsrådgjevar for Vindafjord kommune.
Behovet: Mange system – og alt heng saman
I 2025 gjekk Vindafjord inn i eit IT-samarbeid med fleire andre kommunar på Vestlandet – IKT Nordhordland (IKTNH). Det gir nye system og rutinar som må fungera godt både for tilsette og innbyggjarar.
– Me såg behov for ein person som kunne koordinera på tvers av einingane og vera knutepunkt opp mot IKTNH. Mange prosessar heng saman, og me er avhengige av å få til enkel overgang frå gamle til nye system, seier kommunalsjef for organisasjon, Ingebjørg Rullestad Gjerde.
Jobben til Pål: Først oversikt – så forenkling
Eit par månader inn i arbeidet er Pål godt i gong med å kartleggja alle digitale program og plattformar som kommunen nyttar.

– Me må vita kva me har og kva me ikkje har, kva me treng og kva me kan kutta ut. Målet er at endringane skal opplevast som smidige for dei tilsette, og gi gode digitale tenester til innbyggjarane, seier Pål.
– Me vil at det skal bli enklare å få kontakt, senda inn og henta ut informasjon. Samstundes skal kommunen vera brukarvennleg for alle. Me skal ikkje digitalisera alt, understrekar Pål.
Tryggleik først: GDPR og gode rutinar
Når kommunen endrar digitale system, handlar det òg om tryggleik. Alle system skal følgja GDPR og vera trygge å bruke. Personopplysningar skal behandlast sikkert, og tilsette skal ha gode rutinar og verktøy som gjer det lett å gjera ting rett.
Pål skal sjå på:
- kan me effektivisere?– kvar er flaskehalsane?
- korleis me kan sikra trygg lagring og deling av informasjon?
- korleis kan gode system støtta dei tilsette i kvardagen?
Storyen bak endringa: Frå kvardagsutfordringar til framtidsretta løysingar
Bak alle system ligg konkrete kvardagar: ein lærar som registrerer fråvær, ein heimesjukepleiar som loggar besøk, ein innbyggjar som sender søknad, ein ungdom som lurer på ein rettighet.
Nils Erik Eide (kommunalsjef oppvekst) og Pål Askvig (digitaliseringsrådgjevar)
Marianne L Rødde
Pål kjenner denne kvardagen godt frå skulen, og veit korleis det kjennest når ting tek for lang tid eller informasjon er vanskeleg å finne. No får han bruke den erfaringa til å sjå det større biletet:
- korleis kan digitale løysingar gjera rettleiing og informasjon meir tilgjengeleg?
- korleis kan system frigjera tid til fag og møte med folk?
- korleis kan me effektivisera, utan at det går ut over kvalitet og tryggleik?
Målet: Betre tenester – og meir tid til folk
Digitaliseringsarbeidet handlar om å gi innbyggjarane eit betre og meir framtidsretta tilbod. Når administrative prosessar blir enklare, frigjer det tid og energi som kan brukast på det viktigaste: møte med menneske, fagleg innhald og gode tenester til alle som bur og arbeider i Vindafjord.
Eit felles løft for framtida
Digitaliseringsrådgjevaren gjer ikkje jobben aleine. Alle einingar i kommunen er med - frå skule og barnehage til helse, kultur og teknisk.
– Me skal ikkje bli ein «knapp og skjerm»-kommune der alt skjer digitalt og ingenting skjer ansikt til ansikt. Men me skal bruke digitale verktøy klokt, slik at det blir lettare både å jobba i kommunen og å vera innbyggjar her, avsluttar Pål.