– Det er meiningsfullt å skapa slike felles opplevingar som gjer det ekstra kjekt på jobb

Møt den spreke gjengen ved Vik oppvekstsenter. I heile mai har dei tilsette halde på med ein kjekk treningsutfordring. 

Her har mange vore med – frå barnehage og skule til helsesjukepleiar, reinhald og PPT.

Målet har ikkje berre vore å bli litt sprekare, men også å styrkja samhaldet i kollegagruppa.  

– Å gjera noko saman skapar trivsel, som igjen kan gje endå større arbeidsglede. Og når alle kan vera med, føler ein seg som ein del av fellesskapet. Det er meiningsfullt å skapa slike felles opplevingar som gjer det ekstra kjekt på jobb, seier Elisabeth Lunde i sosialkomiteen. 

Dei tilsette ved  Vik oppvekstsenter - Klikk for stort bilete Vik oppvekstsenter

Nye utfordringar

Kvar arbeidsdag har det venta nye utfordringar, og aktivitetane har vore både varierte og enkle å tilpassa. 

Det har vore alt frå styrke og jogging til sykling og hagearbeid. 

– Me ønskja jo å bli litt sprekare, og me føler at det har hjelpt. Det er jo fort gjort å få lyst til å bli verande i sofaen, men dette har gjort det lettare å koma seg opp, fortel Elisabeth.

Dei tilsette ved  Vik oppvekstsenter - Klikk for stort bilete Vik oppvekstsenter

Mykje engasjement

Ho fortel om gode tilbakemeldingar og mykje engasjement undervegs. 

– Folk har prøvd nye ting, strekt seg litt ekstra, og så har det blitt ein snakkis i pauserommet: «Kva gjorde du i går?» 

Treningsutfordringane har ikkje berre gitt meir aktivitet i kvardagen.

Nokre har møttest og gjort aktivitetane saman, og det blir allereie snakka om ein ny runde til hausten.

– Det har vore både kjekt og samlande på tvers av avdelingane, seier Lunde.